Jobb i Norec Førde

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Norec

Har du lyst til å jobbe med noko som verkeleg gjer ein skilnad for folk, både ute i verda og her i Norge?

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Norec akkurat no?

Vi har akkurat arrangert paneldebattar her i Førde med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein, unge utvekslingsdeltakarar frå Malawi og Zimbabwe og diverse lokalpolitikarar. Vi har også gjennomført digitale samlingar med Utanriksdepartementet og alle ambassadane i Afrika, Asia og Latin-Amerika, samt representantar frå prosjekta vi støttar i desse regionane. Vi gjennomfører også for augeblikket møter med alle koordinatorane i prosjekta våre rundt om i heile verda, samt les og vurderer resultatrapportar frå desse. Vanlegvis ville jo mykje av dette skjedd i andre land rundt om i verda, men akkurat i år skjer det frå dei splitter nye kontorlokala våre i Førde sentrum.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Norec?

Det mest attraktive er at ein får jobbe med noko som verkeleg gjer ein skilnad for folk, både ute i verda og her i Norge. Ein får også jobbe internasjonalt, med alt det inneber av reising og perspektiv, men samstundes ha alle fordelar ved å bu i ein småby med naturen 1 minutt frå døra. Eg elskar at det tar meg 5 minutt å sykle frå jobb til barnehagen, og 3 minutt frå barnehagen og heim.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Vi har akkurat starta eit internt leiartreningsprogram. Vi kan jo naturlegvis ikkje garantere nokon leiarstillingar internt hos oss, men det gjer folk betre rusta for å til dømes leie store prosjekt. Ikkje minst er det godt å ha på CV om ein skal vidare.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Heilt nye, freshe lokaler med mange ulike stader ein kan jobbe både aleine og saman med andre.
  • Trening i arbeidstida – gull for alle som har travle ettermiddagar.
  • Eit raust og inkluderande arbeidsmiljø med uvanleg fine folk.
Jobb i Norec

Kva er Norec sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Ein del av arbeidet vårt er jo reiseverksemd. Men før korona hadde vi ein gjennomgang på korleis vi kan gjere reisinga meir effektiv for å spare Co2-utslepp. Det er vi i gang med å implementere. Vi finansierer også ei rekke prosjekt over heile verda som jobbar med å klimautfordringar. I tillegg har vi klimaansvar som kriterium for innkjøp vi gjer.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Vi er mellom anna Framtidsfylket-partner og tek imot trainee! Å sikre rekruttering av framtidige sognogfjordingar er viktig. Vi gir også støtte til organisasjonar og bedrifter som jobbar med å betre eigne lokalsamfunn i Norge, Afrika, Asia og Latin-Amerika. Alt vi gjer handlar om samfunnsansvar, og vi har det også som krav for innkjøp.

Kor tid kokar det hos Norec?

Det spørs kva seksjon du jobbar i. I seksjonane for tilskotsforvaltning kokar det før søknadsfristar, før prosjektmøter, etter rapportinnlevering. I kursseksjonen kokar det vel nesten kontinuerleg. Dei held internasjonale kurs i ulike land året gjennom, og det er store kabalar som må leggast. Hos oss i kommunikasjon og samfunnskontakt er det også ganske jevnt kok, men det boblar litt ekstra før store arrangement eller deadlines, så klart. Hos verksemdstyring kokar det når det kokar hos oss andre.

Norec jobb

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Norec?

Folk med internasjonal arbeidserfaring. Det verdset vi veldig høgt, særleg i programavdelinga. Men også folk som er sterke faglege, enten det er innan økonomi, samfunnsvitskap, HR eller kommunikasjon.

Kven set spor på intervju?

Dei som har brukt tid på å verkeleg sette seg inn i kva vi driv med, og som kjenner at det vi driv med får det til å krible. Ein må vere opptatt av internasjonale spørsmål. Det betyr ikkje at ein må kunne mest eller ha meiningar om alt, men ein må ha interesse, nysgjerrigheit og glede av meir enn det nære og norske.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Norec utan å seie det:

Kollegaer Norec
Jobb i Norec