Kursleiar i Norec Bilde

Kursleiar i Norec

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Norec Sunnfjord Fulltid
Norec  Logo

Norec

Firdavegen 2, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Christine Tellnes
92 80 83 48

Søknadsfrist

22. august 2021

Om stillinga


Kursseksjonen består av seks tilsette som tilbyr førebuingskurs og heimkomstseminar til deltakarar i utvekslingsprosjekt. Deltakarane er i aldersgruppa 18–35 år. Vi held også faglege kurs for partnarskapa for å oppnå betre resultat i prosjekta Norec støttar. Ambisjonen vår er å tilby kurs som er innovative, relevante og utfordrande. Etter gjennomført kurs skal deltakarane ha lært noko dei alltid vil hugse og ha nytte av.

Under pandemien har vi gjennomført dei fleste kursa som digitale møte, webinar og e-læring. Når verda opnar opp for friare reiseverksemd, vil vi kombinere digitale løysingar med fysiske kurs i Johannesburg, Nairobi, Katmandu og Bogotá.

Vi ser etter deg som torer å tenke nytt. Du trivst med folk rundt deg, og du evnar å ta initiativ og ansvar. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og gjennomføre, også under press. I Norec legg vi dessutan opp til samarbeid, både internt og i kommunikasjon med andre. For å lykkast i jobben må du derfor like å jobbe i team og vere samarbeidsorientert og omgjengeleg.

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. I tillegg legg vi vet på å vere personlig eigna.

Arbeidsoppgåver


Kursleiarane våre har ansvar for planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av kurs. Dei har også det faglege og praktiske ansvaret under kursa. Kursleiarane har dessutan administrative oppgåver knytte til evaluering, rapportering og arkivering. Stillinga vil medføre ein del reiseverksemd.

Dersom du synest dette høyrest interessant ut, har vi no ei ledig stilling som kursleiar.

Kvalifikasjonskrav

Du har relevant høgare utdanning.

  • Du har internasjonal arbeidserfaring og stor grad av interkulturell forståing.
  • Du har svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk er ein fordel.
  • Det er ein fordel om du har arbeidserfaring frå kurs- eller undervisningsverksemd.
  • Det er også ein fordel med erfaring frå eller interesse for digital utvikling og formidling.

Vi tilbyr


I Norec vil du få dyktige kollegaer som set pris på eit godt arbeidsmiljø. Vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling i jobben. Vi har gode velferdsordningar, og om du liker å trene, kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Stillinga blir lønna etter avtale innanfor staten sitt lønnsregulativ som rådgivar / kode 1434. Årslønna vil dermed ligge mellom 516 100 og 594 300 kroner (lønnstrinn 57–65 i lønnstabellen i hovudtariffavtalen med LO Stat, Unio og YS Stat). Nøyaktig lønnstrinn vil avhenge av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.