Eit arbeidsliv i endring: Dette tok vi med oss heim frå FOLKA

Kva skjer når kunstig intelligens endrar arbeidsoppgåver, når forventningane til jobb endrar seg raskare enn regelverket, og stadig fleire arbeidsgjevarar konkurrerer om dei same folka?

Det var den raude tråden gjennom FOLKA på Skei, der rundt 80 deltakarar frå HR, kommunikasjon, leiing og rekruttering samla seg for å snakke om eitt tema: Eit arbeidsliv i endring.

Gjennom dagen vart det tydeleg at framtidas rekruttering handlar om langt meir enn å få folk inn døra. Vi må også forstå kva som får dei til å bli. Folk søkjer ikkje berre jobb, dei søkjer fotfeste i ei uroleg tid. Første del av dagen handla om endringane som skjer rundt oss. Framtidsetnolog Ida Hult peika på noko mange kjenner på utan heilt å setje ord på det: Verda har blitt meir uoversiktleg. Då blir tryggleik, tilhøyrsle og meining viktigare. Arbeidsgjevarar er ofte flinke til å beskrive framtida, kordan du kan utvikle deg, vekse og nå nye mål, men mindre flinke til å vise kva dei kan tilby på ein heilt vanleg onsdag.

I ei tid der teknologi kan løyse stadig fleire oppgåver, meinte Hult at dei menneskelege kvalitetane blir viktigare. Evna til å bygge tillit, forstå samanhengar og lese eit rom kan ikkje automatiserast bort.

Vi må leite etter folk på fleire stader

Dersom arbeidskraftmangelen er så stor som prognosane seier, kan vi ikkje leite etter kandidatane på dei same stadene som før.

Konferansier Irene Kinunda Afriyie utfordra salen til å tenkje over kven som faktisk slepp inn i arbeidslivet. Ho peika på at mange yrke framleis har svært lite mangfald, og stilte spørsmålet: Kva går vi glipp av når alle rundt bordet har dei same perspektiva?

Seinare på dagen delte ho eigne erfaringar på språk, kultur og arbeidsliv. Bodskapen hennar var enkel: Skal folk bli ein del av arbeidslivet, må dei få sjansen til å vere ein del av det.

Kva går vi glipp av når alle rundt bordet har dei same perspektiva?

Arbeidskrafta blir knappare. Då må vi tenkje annleis.

Kjartan Almenning, næringspolitisk direktør i Abelia, viste til at mange arbeidsgjevarar i Vestland ikkje kjem i mål med rekrutteringane sine, samtidig som behovet for kompetanse aukar. Det viktigaste spørsmålet han stilte var: Kvar skal folka kome frå?

Svaret ligg ikkje i eitt tiltak, men i mange. Færre sjukemeldingar, fleire som står lenger i jobb, betre inkludering, fleire lærlingar, meir kompetanseutvikling og smart bruk av teknologi. Kort sagt: Vi må ta betre vare på dei menneska vi allereie har, samtidig som vi opnar dørene for fleire. Han understreka også at når arbeidskraft blir knappere, blir fleksibilitet og omstillingsevne viktigare, og at rammevilkåra også må gagne arbeidsgivarane. Du som arbeidsgivar må ta din del av jobben og vere ein framtidsretta arbeidsgivar, og så må næringspolitikken spele på lag.

Framtidas seniorar er dagens juniorar

Eitt av innlegga som trefte mange i salen kom frå Juan Bostad og Stine Liabø Rognsø i Norwell. Sjømateksportøren har ein snittalder på 52 og mange erfarne medarbeidarar, men visste at dei måtte byrje fornyinga før behovet vart akutt. Løysinga vart å satse på ein nyutdanna trainee. Historia deira handla eigentleg ikkje om alder, men om tillit. Juan vart møtt som ein ressurs frå dag éin, fekk ansvar og kjende at nokon har ryggen din når ting ikkje går heilt etter planen.

Poenget var: Om du vil ha seniorane du treng om ti år, må du tørre å investere i juniorane i dag.

Vestland har eit godt rykte, men folk kjenner ikkje arbeidslivet

Ein av dei meir oppløftande presentasjonane kom frå Marcus Andersson i Future Place Leadership, som presenterte ferske tal om korleis Vestland blir oppfatta som bu- og arbeidsregion.

Den gode nyheita er at folk likar Vestland, og at vi rangere heilt oppe på tredjeplass i nasjonal attraktivitet. Dei tenkjer på natur, fjordar, livskvalitet og gode stader å leve. Den meir utfordrande nyheita er at langt færre klarer å nemne konkrete arbeidsgjevarar eller karrieremoglegheiter i fylket.

Kanskje er det nettopp der noko av jobben ligg framover: Å fortelje historia om arbeidslivet vårt like godt som vi fortel historia om naturen?

Marcus Andersson i Future Place Leadership gav oss resultata frå «Talent City Index: Vestland».

Du kan ikkje fri på første date

Dagen vart avslutta med eit miniseminar om employer branding ved Hans-Petter Stub. Han samanlikna stillingsannonsar frå ukjende arbeidsgjevarar med å fri på første date. Poenget var ikkje at stillingsannonsar er uviktige. Poenget var at relasjonar kjem før rekruttering. Arbeidsgjevarar som lukkast, er ofte dei som over tid har vore opne om kven dei er, kva dei står for og kva kvardagen faktisk inneber. Dei som vågar å vise både fordelane og ulempene, og som let eigne medarbeidarar fortelje historia. Då aukar sjansane for at folk kjenner deg og søker seg til deg.

For om det var éin fellesnemnar gjennom heile FOLKA, så var det dette:

Eit arbeidsliv i endring handlar først og fremst om menneske. Om korleis vi møter dei, utviklar dei, inkluderer dei og gir dei ein grunn til å bli verande.

Folk på FOLKA

Les relaterte artiklar