Sunnfjord

I Sunnfjord får du jobbe tett på nokre av dei viktigaste ressursane vi har: natur, kompetanse og skaparkraft. Her finn du sterke fagmiljø og bedrifter i utvikling, innan alt frå energi og hav til teknologi, handel og helse. Det gjer regionen til ein stad der du kan utvikle deg og vere med i verdiskapinga.

Med kraft frå natur og kompetanse

Sunnfjord er kjend for eit variert arbeidsliv bygd på både naturressursar og framtidsretta bransjar.

Her kan du jobbe med fornybar energi, landbruk og industri, eller bli ein del av sterke miljø innan havbruk, fiskeri og maritim verksemd. Samstundes veks det fram spennande satsingar på teknologi og grøn industri.

Regionen har også eit rikt fagmiljø innan helse, handel, utdanning og kultur, jus og konsulentverksemd, samt eit aktivt gründer- og innovasjonsmiljø. Kombinasjonen av etablerte næringar og nye idear gir deg gode moglegheiter til å utvikle karrieren din – og å påverke retninga vidare. Mange skildrar Sunnfjord som naturbant, fordi regionen har både bytilbod og friluftslivet tett på.

Vil du lese meir om korleis det er å bu og jobbe i Sunnfjord?

arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette Sunnfjord

Bedriftsmedlemmar

frå Sunnfjord i nettverket

tusen innbyggjarar

i Sunnfjord

Derfor jobbar vi i Sunnfjord

Når du vel ein karriere i Sunnfjord, vel du samtidig ein variert arbeidskvardag. Regionen består av små- og mellomstore bedrifter, noko som betyr meir ansvar og varierte oppgåver.

Din neste arbeidsgivar i Sunnfjord

Sjekk ut våre medlemmer i Sunnfjord. Kanskje er dette din nye arbeidsgivar?

Dei kom for jobben

Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Sunnfjord. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Historier frå Sunnfjord

Les historia til andre som har valt Sunnfjord som arbeidsstad og bli inspirert!

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sogn
 
Bergen
 
Sunnhordland
 
Nordhordland
 
Hardanger og Voss