Sunnfjord
I Sunnfjord får du jobbe tett på nokre av dei viktigaste ressursane vi har: natur, kompetanse og skaparkraft. Her finn du sterke fagmiljø og bedrifter i utvikling, innan alt frå energi og hav til teknologi, handel og helse. Det gjer regionen til ein stad der du kan utvikle deg og vere med i verdiskapinga.

Med kraft frå natur og kompetanse
Sunnfjord er kjend for eit variert arbeidsliv bygd på både naturressursar og framtidsretta bransjar.
Her kan du jobbe med fornybar energi, landbruk og industri, eller bli ein del av sterke miljø innan havbruk, fiskeri og maritim verksemd. Samstundes veks det fram spennande satsingar på teknologi og grøn industri.
Regionen har også eit rikt fagmiljø innan helse, handel, utdanning og kultur, jus og konsulentverksemd, samt eit aktivt gründer- og innovasjonsmiljø. Kombinasjonen av etablerte næringar og nye idear gir deg gode moglegheiter til å utvikle karrieren din – og å påverke retninga vidare. Mange skildrar Sunnfjord som naturbant, fordi regionen har både bytilbod og friluftslivet tett på.
Vil du lese meir om korleis det er å bu og jobbe i Sunnfjord?
4135
arbeidsgjevarar
med over 3 tilsette Sunnfjord
80
Bedriftsmedlemmar
frå Sunnfjord i nettverket
51
tusen innbyggjarar
i Sunnfjord
Derfor jobbar vi i Sunnfjord
Når du vel ein karriere i Sunnfjord, vel du samtidig ein variert arbeidskvardag. Regionen består av små- og mellomstore bedrifter, noko som betyr meir ansvar og varierte oppgåver.
Som kommunikasjonsrådgivar får eg bidra med ideane mine, samt tillit og friheit til å vere kreativ. Slik påverkar eg retninga.
Kristiane Knutson, Enivest
Her er det korte linjer og lite hierarki. Du treng ikkje meine det same som sjefen, og det du seier blir tatt på alvor.
Kristoffer Hatlevik, Havtech
Du sit ikkje i ein smal silo. Du jobbar tett med folk med forskjellig bakgrunn og kompetanse, og det gjer kvardagen mykje meir interessant
Bjarte Seim, Hywer
Din neste arbeidsgivar i Sunnfjord
Sjekk ut våre medlemmer i Sunnfjord. Kanskje er dette din nye arbeidsgivar?
-
Cedra
Revisjons- og rådgjevningsfirma
-
Convene
Sjølvbetente løysinger for betaling og administrasjon
-
Coop Nordvest
Forbrukareid daglegvareaktør
-
ECIT Vest avd. Førde
Fullservice rekneskapspartnar
-
Engebø Rutile and Garnet AS
Mineralproduksjon av titanråstoffet rutil
-
Enivest AS
Bringar verda nærare via breiband
-
Eviny
Energiselskap i Førde
-
Fagopplæring Elektro
Samarbeidsorgan for lærebedrifter i elektrobransjen
-
Firda
Største lokalavisa i Sogn og Fjordane

Og så er det breidda du får når du jobbar på eit mindre sjukehus. Når du rullerer og er innom dei fleste fagområde og maskiner, er det vanskeleg å gå lei.
Vegard Flatjord, radiograf i Helse Førde
Dei kom for jobben
Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Sunnfjord. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
Historier frå Sunnfjord
Les historia til andre som har valt Sunnfjord som arbeidsstad og bli inspirert!
-

Får lære av dei beste – Slik er det å starte karrieren i Cedra
– Mange trur revisorar sit åleine med reknemaskina og stirer i tal heile dagen. Det er heilt feil, seier Herman Uglum. – Du må tvert imot like å jobbe med folk.
-

Mykje meir enn ein jobb
Ein lærerik start på arbeidslivet, eit nytt nettverk frå dag éin, og fjord og fjell rett utanfor døra. Å bli trainee i Framtidsfylket har gitt Heine mykje meir enn ein jobb.
-

Dei starta som trainee – No har begge leiarstilling
Stine og Julie søkte traineestilling av heilt ulike grunnar. I dag er dei takknemlege for ein god start på karrieren.
