Nordfjord

I Nordfjord får du jobbe midt i ei unik blanding av naturressursar, industri og nyskaping. Her er fjorden, fjella og kysten ikkje berre kulissar – dei er sjølve grunnlaget for jobbane. Resultatet er eit variert arbeidsliv med høg aktivitet, der du er ønska og kan få meir ansvar raskare enn i ein storby.

Skap verdiar lokalt og internasjonalt!

Nordfjord har eit allsidig næringsliv der industrien står sterkt, med alt frå matproduksjon og båtbygging til avanserte material og teknologi – ofte med marknader langt utanfor regionen. Eit datasenter bygd inne i ei nedlagd
gruve, kjølt med fjordvatn, med internasjonale kundar, er eksempel på kva fantastiske ting som blir skapt i regionen.
Samstundes er havet ein viktig motor, med mange jobbar innan fiske, havbruk og maritim verksemd.  Reiseliv er også ein stor del av arbeidslivet, driven av spektakulær natur og opplevingar året rundt. 

Regionen har vekst innan bygg og anlegg, handel og tekniske fagmiljø, der samarbeid står sentralt. Samstundes er helse, kommune og offentlege tenester blant dei største arbeidsgjevarane i Nordfjord, med behov for alt frå pedagogar og sjukepleiarar til ingeniørar og juristar. Nordfjord har også sterke fagmiljø innan fornybar energi, kraft og forretningstenester, som gir moglegheiter for både teknologar og økonomar. Til saman gir dette eit arbeidsliv der du kan jobbe praktisk eller høgteknologisk – og vere med å skape verdiar både lokalt og internasjonalt.

Mange kjem inn i arbeidslivet i Nordfjord gjennom lærlingplass og fagbrev, og fleire av industri- og havbruksbedriftene tek inn lærlingar kvart år.

I Nordfjord er vegen kort mellom arbeidsliv, fritid og folk. Her er det er lett å bli del av eit aktivt lokalsamfunn og å knyte kontaktar på tvers av bransjar og bygder. Bu tett på toppturar, strender i verdsklasse, vikingskip og andre attraksjonar turistane reiser langvegs for å sjå, samtidig som du har ein jobb der du kan påverke retninga.

Vil du lese meir om å bu og jobbe i Nordfjord?

Arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette i Nordfjord

Bedriftsmedlemmar

frå Nordfjord i nettverket

tusen innbyggjarar

i Nordfjord

Derfor jobbar vi i Nordfjord

I Nordfjord kan du bidra til lokal verdiskaping, men også internasjonal. Naturen dannar grunnlaget for turisme og fleire eksportretta næringar, samtidig som du er ønska i offentleg sektor.

Din neste arbeidsgivar i Nordfjord

Sjekk ut våre medlemmer i Nordfjord. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?

Dei kom for jobben

Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Nordfjord. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Historier frå Nordfjord

Les historia til andre som har valt Nordfjord som arbeidsstad og bli inspirert!

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sogn
 
Sunnfjord
 
Sunnhordland
 
Nordhordland
 
Hardanger og Voss