Bergen og omegn

Bergen og omegn er ein arbeidsmarknad med sjeldan breidde og ein kraftig motor for Vestland. Her finn du alt frå internasjonale teknologimiljø og finanshus til industribedrifter, havnæringar og gründerar som utviklar løysingar for framtida. Idylliske Askøy, Øygarden, Bjørnafjorden, Samnanger og Vaksdal ligg tett på – slik at du kan bu slik du ønskjer med tilgang på spennande jobbar. Her er det mange vegar inn i arbeidslivet, tett på både naturressursane, kompetansen og eit internasjonalt miljø.

Fleire jobbval og større fleksibilitet

Det som gjer Bergen og omegn spesielt, er kombinasjonen av stor kompetanse og korte avstandar. Regionen er ein av dei viktigaste motorane for verdiskaping på Vestlandet, navet i eksportregionane i vest, med sterke miljø innan energi, teknologi, maritim og marin verksemd, finans, bygg og hav. Samtidig er arbeidsmarknaden tett knytt saman på tvers av kommunegrensene, noko som gir fleire jobbval og større fleksibilitet i kvardagen.

Øygarden og Askøy har kort veg til Bergen, men har samstundes ei eiga næringskraft med store investeringar innan grøn omstilling og framtidsretta industri. Her har du korte avstandar til sjø og friluftsliv, og eit område i vekst.

I Samnanger, Bjørnafjorden og Vaksdal finn du eit arbeidsliv i utvikling, med sterke miljø innan industri, havbruk, energi, bygg og tekniske fag. Her kan du bu nær fjord, fjell og lokalsamfunn, med kort avstand til byliv og vidare utdanning.

Bergen og omegn gir deg sjansen til å jobbe i eit internasjonalt fagmiljø med tilgang til eit urbant liv, samtidig som du har kort veg til hav, fjell, fjord og trygge nabolag. For mange er det nettopp denne kombinasjonen som gjer at dei kjem hit for ein jobb – og blir verande fordi livet fungerer så godt i Bergen og kommunane rundt.

Vil du lese meir om jobb i Bergensregionen?

Arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette Bergen

Bedriftsmedlemmar

frå Bergen

tusen innbyggjarar

i Bergen og omegn

Derfor jobbar vi i Bergen

I Bergen og omegn kan du bidra til viktig verdiskaping i Vestland – i fylket sin viktigaste motor. Regionen er unik for sin kombinasjon av storbyliv og vakker vestlandsnatur.

Din neste arbeidsgivar i Bergen

Sjekk ut våre medlemmer i Bergen og omegn. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?

Dei kom for jobben

Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Bergen. Dei kom for jobben, men blir for bylivet, naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sogn
 
Sunnfjord
 
Sunnhordland
 
Nordhordland
 
Hardanger og Voss