Webutviklar Bilde

Er du vår neste webutviklar? Bli ein Highsofter, du og!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Webutviklar Highsoft AS Vik, Bergen Fulltid
Highsoft AS Logo

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørgen Tistel
‭+47 971 32 057‬

Søknadsfrist

7. april 2024 Søk på stillinga her

Me ser etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering, og som kan hjelpe oss å vidareutvikle nettsidene våre til å møte framtida. Du har erfaring som fullstack- eller front-end utviklar, og kanskje har du eigne hobbyprosjekt på sida. Du likar å få leike med ny teknologi og ulike rammeverk, som ein nysgjerrig oppdagelsesreisande i den digitale verda.

Du kjenner deg att i noko av dette

🔹Nokre års arbeidserfaring med utvikling, gjerne innan webshops og nettsider

🔹Ein kodeknekkar innan eit eller fleire av desse teknologiane: Wordpress, PHP, React, HTML & CSS.

🔹Du har kjennskap til arkitektur og API

🔹Pluss om du har jobba med Wordpress og Woocommerce

🔹 Høgare utdanning? Fint det og, men for oss er det viktigaste kva du kan - og ikkje minst at du har lyst!

Tenkte arbeidsoppgaver

Highsoft har allereie nådd langt, men vi skal lengre enn langt. Difor går vi i gang med nye system, og vi treng ekspertar som deg. Du vil i stor grad jobbe med å setje saman system og holde på med API og integrasjonar. Du vil òg spele ei nøkkelrolle i å forme framtida for nettbutikken vår, nettsider og kanskje blir du med å forme ein heilt ny kundeportal?

I webteamet jobbar ein tett saman for å bygge dei beste nettsidene. Du er flink til å dele kunnskap og lære av andre, og me har fokus på fagleg utvikling og mangfald. Men av og til, som einkvar superhelt, treng også du litt tid aleine til å fokusere og konsentrere deg om å bygge flotte digitale mesterverk. Du er tålmodig, for du veit det kan ta tid å finne feil og å optimalisere kode - og det gir vi deg rom til.

Arbeidskvardagen

Her får du kollegaer som har lidenskap for det dei driv med. Me ynskjer at du skal bli godt ivareteken, og du vil få din eigen Highsoftar som mentor til å vise veg både fagleg og i arbeidslivet. Dei gode diskusjonane kan vi ta over eit parti dart, ein tusletur i den vakre bygda vår, eller ein god kaffikopp i Stova.

Er du klar for å setje utviklinga i fokus?

Greidde vi å vekkje interessa, eller er du fortsatt usikker? Hvis du ønskjer meir info eller vil snakke med oss om stillinga så ta for all del kontakt. Me har ikkje låst oss til en spesifikk profil og tek gjerne ein uformell prat. Ta kontakt med Jørgen Tistel på tlf. +47 971 32 057.

Arbeidsstad: Vik i Sogn, Bergen kan vurderast ved avtale.

Highsoft AS Kulturbilde