Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
VVS-ingeniør Sogndal | Norconsult Norge AS | Sogndal | Fulltid |
Vil du bli ein del av eit selskap i vekst?
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med om lag 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer primært etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 2-3 års relevant erfaring innan VVS-faget frå rådgjevar- eller entreprenørbransje, men vi kan og vurdere nyutdanna kandidatar med relevant fagutdanning. Medarbeidarane våre innan VVS, inneklima og kuldeteknikk utgjer det leiande fagmiljøet i regionen.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit VVS-miljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester sendes via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer oppmerksam på at det kunn er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må være skrevet på et skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein prat.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 100 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.