Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Sakshandsamar | Stad kommune | Stad | Fulltid |
Stad kommune har frå 01.01.23 ledig 100 % fast stilling som sakshandsamar innan helse og omsorg.
Vi søkjer deg som er drivande engasjert med sterk fagleg kompetanse til å utvikle framtidas tenestilbod.
Du skal sjølvsagt ikkje gjere dette åleine. I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysningane saman. Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Stillinga er ein del av kommunen sitt sakshandsamarteam, som er organisert i heimetenesta.
Teamet skal svare på spørsmål, gje rettleiing og handsame søknader om helse- og omsorgstenester. Teamet har også ansvar for oppfølging av fritidskontakter, koordinatorar og tilrettelegging av kommunen si koordinerande eining. Det ligg også til teamet sitt ansvarsområde å handsame all klagebehandling i samsvar med kommunen sine tildelingstenester. Vi arbeidar strukturert etter gode planer, og vi likar å jobbe smart ved å utnytte digitale hjelpemidlar og system.
Som sakshandsamar i Stad kommune vil du få kollegaer som bryr seg om kvarandre. Ein av våre styrker er at vi er ein trygg og helsefremjande arbeidsplass, og du vil ha høve til fagleg og personleg utvikling. Vi deler kompetansen vår med kvarandre og formidlar både idear, fag og erfaring. Viss du deler ambisjonane våre vil vi gjerne ha deg med på laget vårt.
Sakshandsamarteamet har ansvar for:
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.