Stad kommune

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

http://www.stad.kommune.no

post@stad.kommune.no

Kontakt

578 85 800

Om oss

Stad kommune har om lag 10 000 innbyggjarar. Kommunen ligg lengst nord i Vestland fylke. Vi byggjer ein ny kommune med sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig utvikling.

Den nye kommunen strekk seg frå storhavet i vest til fjord og fjell i aust. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Stadtlandet ligg som ein knyttneve ut mot det barske Stadhavet. Ved kysten vil du også finne lune viker, kritkvite sandstrender og idylliske øyer. Kommunen har eit unikt kulturlandskap, eit flott turterreng, alpinanlegg på Harpefossen og fantastiske surfemoglegheiter i Hoddevika.

Stad kommune er vertskommune for Malakoff rockfestival, som årleg samlar tusenvis av unge og gamle på den gamle eksersisplassen i Nordfjordeid sentrum.

Operahuset Nordfjord er eitt av få operahus i Noreg. Operahuset inviterer til kino, teater, dans, messer og mykje meir. Opera Nordfjord set opp opera, operetter og musikalar fleire gongar i året.

Stad kommune har ei rik historie. Selje kloster, den eldste kyrkjestaden i Noreg, ligg på øya Selja. Klosteret er eit gamalt pilegrimsmål og eit religiøst knutepunkt langs kysten.

Sagastad viten- og opplevingssenter på Nordfjordeid fortel historia om eitt av dei største vikingskipfunna i Noreg, Myklebustskipet.

Stad kommune er del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å lese meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.

Velkommen til Stad kommune!




Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Miljøterapeut i Opplæring og integrering Stad Fulltid 17-03-2023
Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg Stad Fulltid 06-03-2023
Sommarvert ved innbyggjartorget i Selje Stad Fulltid 06-03-2023
Vertskap og guide - Selje Prestegard Stad Fulltid 06-03-2023
Ferievikarar - vedlikehald bygg og grøntområde Stad Fulltid 27-02-2023
Er du sjukepleiar? Ynskjer du å jobbe i vakre Stad kommune? Då søkjer vi akkurat DEG ! Stad Fulltid 30-01-2023
Open søknad - vikararbeid i reinhald Stad Deltid 03-01-2023
Open søknad - vikararbeid i skule, sfo og barnehage Stad Deltid 02-01-2023
Open søknad - vikararbeid i helse og omsorg Stad Deltid 27-12-2021