Kommunalsjef Samfunn

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vil du stå i spissen for ei berekraftig samfunnsvikling i Høyanger kommune? Høyanger kommune Høyanger Fulltid
Høyanger kommune Logo

Høyanger kommune

Postboks 159
6991 Høyanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kommunedirektør Ørjan Haram
45449842

Søknadsfrist

27. november 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vil du vere med på å bygge laget som skal skape ei betre framtid?

Vi søker ein engasjert leiar med gode kommunikasjonsevner som vil bygge eit godt lokalsamfunn. Vi treng deg som har kapasitet til å bygge og leie eit nyoppretta tenesteområde i vår organisasjon. Til området ligg mange spennande og krevjande utviklingsprosjekt og forventningar om å skape gode og attraktive løysingar for innbyggarane våre.

Vi er i ein organisasjonsutviklingsprosess der det enno ikkje er klarlagt kor mange tenester som blir lagt til tenesteområdet. Vi samlar tenester knytt til samfunn, plan og forvaltning, drift og vedlikehald i eit nytt tenesteområde. Tenesteområdet Samfunn vil vere eit av tre tenesteområder saman med Oppvekst og Helse og Omsorg.

Kommunalsjef for Samfunn er medlem i kommunedirektøren si leiargruppe. Kommunalsjefen har overordna økonomi-, personal- og fagansvar i tenesteområdet.

Ansvarsområde:

Ansvarsområda som ligg til stillinga er plan og forvaltning, drift og vedlikehald (tekniske tenester), landbruk og skogbruk, eigedomsforvaltning, plan- og byggesakshandsaming og klima og miljø. Kultur og folkehelse, NAV, integrering er aktuelle områder å legge inn i det nye tenesteområdet. Kommunalsjef for samfunn får ansvaret med å sørge for god drift med fokus på forbetring og utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, utvikle og bygge tenesteområdet
  • Personalleiing
  • Økonomistyring
  • Fremje nyskaping
  • Publikum- og mediekontakt
  • Vere ein pådrivar for ei samfunnsretta utvikling og bidra aktivt i overordna planarbeid
  • Overordna fagleg ansvar for forvaltningsoppgåver
  • Saksførebuing og utgreiing av politiske saker


Evne til:

  • Planlegge, leie, kvalitetssikre og ta avgjersler
  • Prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer
  • Legge til rette for meining, meistring og motivasjon, bygge tillit og eit trygt arbeidsmiljø
  • Kontinuerleg tilpasse og utvikle organisasjonen og arbeidsmetodar til nye krav og behov
  • Bygge nettverk og samhandle med interne og eksterne aktørar

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå innan relevant fagområde som til dømes samfunnsvitskap
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå, eller med, offentleg sektor
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kunne nytte prosessuell tilnærming som verktøy i forbetring og utvikling

Om deg

  • Gode strategiske og analytiske evner
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Høg integritet og god sjølvinnsikt
  • God i relasjonar



Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Ein spanande og samfunnsnyttig jobb
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale