Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjaler kommune | Fjaler | Fulltid |
Ønskjer du å jobbe som fastlege i Fjaler kommune? Vi har ledig to fastlegeheimlar, der kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege helsestasjon vil være ein del av stillingane.
Vi ønskjer dialog med deg for å kartlegge kva ønskjer og forventningar du har knytt til tilsettingsforhold, listestørrelse, offentlege legeoppgåver og andre vilkår for stillinga slik at ein i størst mogeleg grad kan skreddarsy denne til det du ser for deg.
Fjaler kommune har tre fastlegeheimlar, fast LIS1 lege og kommuneoverlegefunksjon i interkommunalt samarbeid. Legekontoret held i dag til ved sjukeheimen, men nye lokalitetar er i prosess i eige bygg.
Fjaler er ein mindre kommune med tettstaden Dale som kommunesenter. Kommunen ligg flott til langs Dalsfjorden omkransa av majestetiske fjell og her finn ein eit rikt kulturliv. Kommunen har felles bu- og arbeidsregion med Førde som ligg rundt 40 km borte. I Førde ligg Sentralsjukehus med ei stor interkommunal legevakt som gjer at vaktbelastninga blir på eit nivå som ein sjølv kan vere med på å regulere. Arbeidsmogelegheiter for evt. partnar er difor også gode.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga kan du kontakte leiar for helseteneste Heidi Roos.
Vi ønskjer at legar som ikkje er spesialist i allmennmedisin, fullfører spesialisering etter tilsetjing. Arbeidsgjevar stillar med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga, arbeidsoppgåvene eller vil vite meir om kva vi jobbar med. Vi ser fram til å høyre frå deg.