
Dalstunet 20
Wenche Elveseter
577 38 000
Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med omlag 3000 innbyggarar. Dei fleste er busett i og omkring administrasjonssenteret Dale eller i Flekke.
I Flekke ligg Røde Kors Nordisk United World College, der det går 200 elevar frå heile 80 forskjellege land. Den internasjonale skulen blei bygd i tilknytning til opptrenings-og rehabiliteringssenter Hauglandsenteret.
Pecom , som jobber med prosjektledelse innenfor energi, industri og offshore, Brødrene Dahl si vasskraftavdeling, og ingeniørfirmaet Hansen technologies er viktige bedrifter for kommunen. Det er også industriområdet Lutelandet .
Kunst og kultur er viktig for Fjaler. Kanskje nettopp fordi ein av Norges mest folkekjære diktarar vaks opp i Dale? På Jakob Sande-tunet kan ein besøke staden der diktaren blei fødd. Du kan også bli med på kulturvandring i Jakob Sande sine fotspor.
I tillegg kan du besøke Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen.
Kvart år i september vert Teaterfestivalen arrangør i Fjaler. Der får ein presentert engasjerande scenekunst av høgt kunstnarleg kvalitet. Det vert også deltatt til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i ulike tema.
Eit rikt organisasjonsliv med allsidige kultur- og fritidstilbod og gode skular og barnehagar i nærmiljøet, gjer Fjaler til ein god og trygg stad å vekse opp og bu i.
Velkommen til Fjaler!
| Type Stilling | Stad | Tilsettingsform | Publiseringsdato |
|---|---|---|---|
| Fagarbeidar – 50 % mellombels stilling i Yksnebjør barnehage | Deltid | 04-09-2026 | |
| Pedagogisk leiar – 100 % fast stilling i Yksnebjør barnehage | Fulltid | 04-09-2026 | |
| Pedagogisk leiar – 100 % fast stilling i Yksnebjør barnehage | Fulltid | 04-09-2026 | |
| Vernepleiar i turnus i Miljøtenesta, 100 % fast stilling | Fulltid | 02-09-2026 | |
| Fagarbeidar i skule og SFO i 70 % fast stilling ved Flekke skule | Fulltid | 31-08-2026 | |
| Sjukepleiar til Fjaler sjukeheim 100 % fast stilling og vikariat | Fulltid | 28-08-2026 | |
| Helgestillingar og ekstravakter for tilkallingsvikarar ved Fjaler sjukeheim, i heimetenestene og i miljøtenesta | Fulltid | 02-01-2026 |