
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Vikariat jurist pengespel | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Fulltid |

Vil du bruke jussen til å bidra til at færrast mogleg får speleproblem? No ser vi etter ein jurist til pengespelavdelinga til Lotteritilsynet.
Lotteritilsynet fører tilsyn og kontroll med både den lovlege og ulovlege pengespelmarknaden. I Noreg er det i hovudsak Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel.
Å avdekke og reagere mot ulovlege pengespel og ulovleg marknadsføring er avgjerande for å nå målet om eit trygt og ansvarleg pengespeltilbod.
No har vi ledig eit vikariat som jurist i pengespelavdelinga, i laget som jobbar mot den ulovlege marknaden. Stillinga kan vere aktuell både som første juristjobb og for deg som har erfaring frå offentleg forvaltning eller tilsyn.
Du vil jobbe med tilsyn med ulovlege pengespel, særleg på nett. Arbeidet omfattar både tilsyn med sjølve spela, marknadsføringa av dei og stans av pengeoverføringar til og frå utanlandske spelelskap . Aktørane du vil ha kontakt med er mellom anna spelselskap, influensarar, bankar, internettleverandørar, bankar og finansinstitusjonar.
Hos oss får du bruke jussen i praksis – og sjå konkrete resultat av arbeidet ditt.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
•å utarbeide informasjonsbrev om regelverket til ulike aktørar, for eksempel influensarar
•å svare på spørsmål om regelverket, skriftleg og på telefon, til dømes frå spelarar
•saksbehandling og reaksjonar, mellom anna vedtak med pålegg om retting og stans av ulovlege tilbod og marknadsføring, i kombinasjon med tvangsmulkt
•arbeid med DNS-blokkering av ulovlege pengespelnettstader
•klagesaksbehandling
•samarbeid med andre etatar om forbrukarvern på spelfeltet
Arbeidsoppgåver og ansvar vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa di.
Vi ser etter deg som har master i rettsvitskap. Stillinga kan vere aktuell både for nyutdanna juristar og for deg som har noko erfaring.
Har du erfaring frå offentleg forvaltning eller tilsyn, er det ein fordel. Samtidig oppmodar vi også nyutdanna til å søke. For deg som er ny i arbeidslivet, vil vi legge til rette for god opplæring og tett samarbeid i laget.
For å trivast og lykkast i rolla er det viktig at du:
•arbeider strukturert og sjølvstendig
•samarbeider godt med andre
•har god munnleg og skriftleg formidlingsevne
Du må rekne med noko reise i samband med jobben.
Hos oss får du ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø, med god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid og du kan veksle mellom å jobbe på kontoret og heimefrå . Vi har gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.
Vi held til i eit moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Du får moglegheit til å trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset.
Ved å jobbe hos oss blir du medlem i Statens pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål om stillinga eller om korleis det er å jobbe hos oss.
Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar eller seniorrådgivar (stillingskode 1434/1364), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste, må du opplyse om dette og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir teken til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, perspektiv og livserfaring.
