Vi treng ein fagleg dyktig medarbeidar til ein spennande jobb Bilde

Konsulent/Seniorkonsulent

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi treng ein fagleg dyktig medarbeidar til ein spennande jobb Vestland fylkeskommune Bergen, Sogndal, Fulltid

I denne stillinga søkjer vi etter ein lagspelar som skal jobbe i eit fagleg team på åtte personar. I vår stab har vi ulike oppgåver innan HR, regionalforvaltning, økonomi, kommunikasjon, offentlege innkjøp med meir. Vi treng deg, som kan jobbe på tvers av desse oppgåvene. Det byr på mange spennande moglegheitar for deg, som kan vere med å forme eigen kvardag. Dette er eit 2-årig mellombels stilling med moglegheit til 1-års forlenging. Det er ønskjeleg med oppstart 01.08.24.


Arbeidsoppgåver

Nokre av oppgåvene/rollane vi treng å få på plass er:

  • Leiarstøtte for leiargruppen i avdelinga

  • Støttefunksjon i stab

  • Offentlege anskaffingar

  • Faktura/fakturering, utlegg og digital postfordeling

  • Arkivarfunksjon

  • Sakshandsaming

  • Koordinering for ulike arrangement i og for avdelinga

Kvalifikasjonar

Til denne stillinga treng vi at du har minimum bachelor og du vil bli ansatt som konsulent/seniorkonsulent. Det er ein fordel om du har utdanning innan økonomi, administrasjon eller liknande. Du har gjerne erfaring med sakshandsaming, koordinering og andre administrative oppgåver. Det er viktig for oss at du har god systemforståing og kan setje deg raskt inn i fagsystem (Elements, Office 365, Visma ERP med meir). Det er òg ein fordel om du har analytiske ferdigheiter.

En del av jobben er knytta til offentlege innkjøp. Vi treng at du kjenner til, eller kan se for seg å jobbe med dette - nødvendig opplæring vil bli gjeve. Hos oss får du byggje kompetanse allereie frå start der det trengs.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Pliktoppfyllande, positiv og strukturert

  • Sjøvgåande, proaktiv og effektiv

  • Service- og teamorientert

  • Gode kommunikasjonsferdigheter og samarbeidsevner

  • Imøtekommande og lun

I vår avdeling skjer det mykje spennande, knytt til vår rolle i Vestland fylkeskommune. Du bør derfor trivast med å ha mykje å gjere, og kunne snu deg rundt raskt. Du skal trivast med å jobbe sjølvstendig, men bruke dei rundt deg til å høste erfaring og kompetanse. Du klarer gjerne å prioritere dei mange oppgåvene du har ansvar for, og byggjer kompetanse der det trengs.

Vi tilbyr

Du vil bli ein del av eit team og vi er opptatt av å løyse oppgåver, drifte avdelingen og utvikle oss. Du vil derfor oppleve å få faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Videre har vi:

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

  • Fleksibel arbeidstid, med moglegheit for heimekontor

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Vi har eigen sosialkomité i avdelinga, treningsrom og sykkelparkering (Bergen)

  • Kontorstaden er fylkeshuset i Leikanger og/eller Vestlandshuset i Bergen

  • Grundig opplæring og god oppfølging

    Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
    Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

    Andre opplysningar:
    Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
    Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.