Nav økonomiteneste Hovedbilde

Vi styrkar laget

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Nav økonomiteneste Fulltid
Nav økonomiteneste Logo

Nav økonomiteneste

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kari Hilde Skjæret
95 98 29 19

Søknadsfrist

15. juni 2025 Søk på stillinga her

Er du klar for nye utfordringar? Vi ser etter deg som har god økonomiforståing og trivast med varierte arbeidsoppgåver. Hjå oss får du bryne deg på små og store utfordringar. No styrkar vi laget og har inntil tre ledige stillingar.

Nav økonomiteneste (ØT) utfører landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for både rekneskap, lønn, bestilling og faktura, utbetalingar frå Nav og intern brukarstøtte på området. Vi jobbar kvar dag for å utvikle økonomiområdet og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ei spennande tid, med utvikling på fleire områder, samstundes som vi skal levere tenester med rett kvalitet kvar dag.

I denne stillinga vert du del av eit sterkt økonomifagleg miljø. For å trivast i jobben trur vi at du er ein utviklingsorientert lagspelar, som tek ansvar og deler av din kompetanse.

Arbeidsoppgaver

  • Sakshandsaming og rådgjeving

  • Analyse og rapportering

  • Intern brukarstøtte

  • Bidra til å modernisere og effektivisere arbeidsprosessar

Du vil få god opplæring og ein fadder som sikrar at du finn deg godt til rette i den nye jobben. Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov.

Kvalifikasjoner

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi, administrasjon, HR, juss. Relevant erfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.

  • God systemforståing og gode digitale ferdigheiter

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

I tillegg er det ønskjeleg at du har:

  • Kjennskap til lønns- og rekneskapsområdet og statleg regelverk på området

  • Erfaring frå eller kunnskap om offentleg forvaltning

Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.

Personlige egenskaper

  • Du er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner

  • Du viser arbeidsglede og deler av din kompetanse

  • Du jobbar effektivt og er nøyaktig og strukturert

  • Du er utviklingsorientert og tek ansvar

Vi tilbyr

  • Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.

  • Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.

  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.

  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida

  • Lønn etter avtale, i stilling som rådgjevar.

  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.

  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.

Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på fem seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.

Kontaktinformasjon

Kari Hilde Skjæret, Seksjonssjef Lønn, 95982919, kari.hilde.skjeret@nav.no
Andrea Tveit Paulsen, Nestleiar Fagstøtte, 97981548, andrea.tveit.paulsen@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4978379014
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025

Kontaktpersoner for stillingen

Andrea Tveit Paulsen

Nestleiar Fagstøtte

97981548

andrea.tveit.paulsen@nav.no

Kari Hilde Skjæret

Seksjonssjef Lønn

95982919

kari.hilde.skjeret@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.

Nav økonomiteneste Kulturbilde