Vi søkjer ny kollega til lønsteamet vårt! Bilde

Lønsmedarbeidar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi søkjer ny kollega til lønsteamet vårt! Fjord1 AS Kinn Fulltid

YES! Vi synes det er veldig hyggeleg at du var nyskjerrig nok til å trykke deg inn på vår annonse! Vi skal gjere vårt aller beste for at det skal vere verdt tida di å lese vidare, så heng på!

Kanskje veit du allereie ein del om Fjord1? Vi er jo faktisk blitt 166 år, men har likevel aldri stått lengre frå pensjonstilværelsen! Vi kan skilte med å være ein verdsleiande pioner innan det grøne skifte, der halvparten av våre fartøy er elektriske. Snart skal vi også i gong med å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør påstå at vi er både moderne, innovative, framtidsretta og langt frå kjedelege.

Som lønsmedarbeidar i Fjord1 kan du forvente varierte oppgåver, utfordringar og rom for både fagleg og personleg utvikling. Fagområdet løn ligg under økonomiavdelinga som totalt tel 20 engasjerte medarbeidarar. I stillinga blir du del av eit team på 6 positive, dyktige og forskjellige personar.

Susanna er vår leiar, og ho ser det som si viktigste oppgåve å ivareta og utvikle alle på lønnsavdelinga. Anne-Sissel og Siv er dei med lengst fartstid, og for ein kunnskap desse damene har. Vi treng ikkje leksikon! Anne-Sissel er og så sprek at ho gjer skam på oss andre. Siv er ikkje redd for å dele vitsar og historier, i både små og store grupper. Arnt er fagansvarleg for plan- og driftssystem. Han jobbar også som brannmann, og slukker både ekte og faglege branner. Eli starta hjå oss sommaren 2023 og er allereie blitt ein viktig ressurs i teamet. Ho har også ein herleg smittsom latter! Gry Therese har endeleg komt heim att til oss i Fjord1, etter å ha utforska og bygd ny kompetanse i anna selskap. Ho er livlig, smilande og vil få deg til å føle deg velkommen frå første stund.

Lura du fortsett på kvifor du skal søkje?

Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør, og vår fem om dagen inkludera både latter, fnising og smil. Vi set stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette trur vi er med på å skape tillit.

Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer. For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeidar på tvers av avdelingar og fagområde.

Kven håpar vi at du er?

Du MÅ ha godt humør og bidra aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og dei rundt deg. Dine kollega opplev deg som ein lagspelar med høg arbeidsmoral og stor kapasitet. Du er gjerne nysgjerrig og lærevillig, og ønskjer endringar og effektivisering velkommen.

Er du nyutdanna og manglar arbeidserfaring? Null stress! Erfaring og kompetanse kan du bygge saman med oss.

Fjord1 AS Kulturbilde