Om stillinga
Vi har no ledig 100 % fast stilling ved teknisk kontor og søkjer etter deg som trivst med eit høgt tempo, har erfaring med offentleg forvaltning, og vil bidra til ei god byggeteneste i kommunen. Byggesak rettleiar publikum, behandlar søknadar og klagesaker. Vi fører tilsyn og følger opp ulovlegheiter. Hovudoppgåvene vil bli saksbehandling av byggesaker, frådelings- og dispensasjonssaker og oppgåver i samarbeid med arealplanleggjar.
Vil du vite meir om stillinga og korleis vi jobbar i avdelinga? Ta gjerne kontakt med oss, vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling av byggesaker, samt frådelings- og dispensasjonssaker
- Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta
- Saksbehandling av saker etter anna lovverk som innan akvakultur, konsesjon og vassdragssaker.
- Tilsyn etter plan- og bygningslova og forureiningsforskrifta
- Oppgåver i samarbeid med planleggjar
- Rettleiing av publikum
- Andre relevante arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning innan relevant fagområde frå universitet eller høgskule. Vi vil også vurdere kandidatar med teknisk fagskule og erfaring frå byggesaksbehandling
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid i offentleg eller privat sektor
- God kjennskap til plan- og bygningslova, forvaltningslova, og anna relevant lovverk
- Førarkort klasse B
Om deg
- Du er strukturert
- Du trivast med å finne gode løysingar i arbeidskvardagen
- Du er dedikert til faget ditt og oppgåvene dine
- Du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du kommunisera godt både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø saman med engasjerte kollegaer
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar