Lotteri- og stiftelsestilsynet Hovedbilde

Regnskapsmedarbeider

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vi søker rekneskapsmedarbeidar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Stig Starheim
99284306

Søknadsfrist

4. september 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har ledig fast stilling som rekneskapsmedarbeidar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Stillinga høyrer til stabseininga for økonomi- og verksemdsstyring.

Økonomi- og verksemdsstyring koordinerer prosessar for plan, budsjett, rapportering og internkontroll. I tillegg har vi ein del drift og leverandøroppfølging og ansvar for avlevering til Riksrevisjonen. Prosedyrer på området er i stor grad definert i (fullservice-) samarbeidsmodellen med Direktoratet for økonomistyring (DFØ). Vi brukar økonomisystemet Agresso.

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar fleire store tilskotsordningar, der sjølve utbetalinga blir handtert av rekneskap. Vi sender ut om lag 7000 faktura årleg.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utføring av rekneskapsfunksjonen med system- og bilagshandtering, kontroll, avstemming, fakturering, remittering, årsavsluting m.m.
  • Ivareta løpande samarbeid og utviklingsarbeid med DFØ.

Kvalifikasjonskrav

  • Økonomi-/rekneskapsutdanning fortrinnsvis på masternivå, siviløkonom eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
  • Erfaring med heilskapleg rekneskapsansvar er ønskjeleg.
  • Fageininga har ansvar for eit breiare felt enn den reine rekneskapsjobben, jf. mellom anna planprosessar og internkontroll. Utdanning, erfaring og evner innanfor nemnde område er såleis ein fordel.

Om deg

  • Du er strukturert og jobbar sjølvstendig.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har evne til å utvikle og sjå nye løysinga.

Vi tilbyr

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn.
  • Positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår.
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid.
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine.
  • IA-bedrift.


Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde