Vi søker prosjektleiar med teknologikompetanse Bilde

Vi søker prosjektleiar med teknologikompetanse

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Fulltid
Lotteri- og stiftelsestilsynet Logo

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Postboks 800
6805 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Falk Michael Tewes
95 85 93 48

Søknadsfrist

25. februar 2024 Søk på stillinga her

Er du eit teknoligihovud med prosjektleiarerfaring? Då er du kanskje den vi leitar etter!

Vi ser etter ein person som skal ha ein koordinerande rolle i registerarbeid og kontakt med Brønnøysundregistrene. Lotteri- og stiftelsestilsynet har ansvar for datakvalitet, utvikling og drift av Stiftelsesregisteret og Pengespelregisteret. I tillegg til registeransvar, ønsker vi at du skal kunne leie andre store og viktige utviklingsprosjekt i tilsynet.

Du vil få ei sentral rolle i vårt IT- og utviklingsmiljø som er organisert i staben IT- og dokumenthanderting som til saman er 18 tilsette. Vi jobbar med utvikling av ulike søknadssystem, saksbehandlingssystem og register. Lotteri- og stiftelsestilsynet er den største statlige tilskotsforvaltaren og forvaltar blant anna fleire store tilskotsordningar til frivillige lag og organisasjonar.

Arbeidsoppgåver og kompetanse

Hos oss får du jobbe med store og viktige utviklingsprosjekt og du vil få ei koordinerende rolle i registerforum vi deltar i eksternt. Du vil få delta i og leie prosjekt på tvers i organisasjonen, og vere med å sikre implementering og gjennomføring av vår IT-strategi.

Du vil få mange engasjerte og flinke kollegaer. Gode evner til samarbeid med desse blir viktig i rolla. Det blir også sjølvstendig arbeid. For å løyse oppgåvene best mogleg legg vi vekt på at du er strukturert og tar initiativ.

Vi ser etter deg som har ein bachelor, eller aller helst ein mastergrad. Det er ein fordel viss du i tillegg har erfaring som prosjektleiar og har teknologikompetanse. For å bli vurdert som seniorrådgivar, blir det krevd minimum fem års relevant arbeidserfaring etter avslutta hovudutdanning.

Kvifor skal du velje oss?

Vi veit at for å vere god på jobb, er det viktig å ha ein bra balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk.

Vi held til i eit moderne kontorbygg i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Hos oss får du trene i arbeidstida, og vi har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss blir du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift.

Er du klar for å bruke teknologikompetansen din på eit nytt felt og vere med på quiz i kaffibaren etter lunsj? Då vil vi gjerne at du søker stillinga.

Verd å merke seg

Løn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er lyst ut som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt to prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stilling har prøvetid på seks månder.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kbifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom ditt ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje, varslar vi deg på førehand.

Å være inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutiner, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord. På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt.

Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange toppturentusiastar på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med til fjells. Om topptur ikkje er di greie, så passar det kanskje betre å bli med på den faste torsdagstrimmen vår på Puls. Eller å hive seg med på quiz-laget vårt på Peppes. Vi har også fast quiz i kaffibaren i 5. etasje kvar dag etter lunsj 😊 Der får vi ofte servert gullkorn frå Arne, ein av IT-utviklarane våre.

Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde