Vertskap og guide - Selje Prestegard  Bilde

Vertskap og guide - Selje Prestegard

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Sommerjobb
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tonje Ramse Trædal
926 29 512

Søknadsfrist

12. april 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga


Om stillinga

Stad kommune søker etter vertskap og guide som kan være med og legge til rette for aktivitetar i og omkring Selje prestegard i perioden 15.06.2023 - 15.08.2023.

Selje prestegard er eit freda tun midt i Selje sentrum. Her finn Selje Regionale Pilegrimssenter med pilegrimsmottak, overnatting og enkel servering. Prestegarden har tillegg kulturstove, møterom for lag og foreiningar, byttebod for brukt tøy, ein stor hage og uthus som kan brukast til ulike aktivitetar.

Selje regionale pilegrimssenter er ein del av kystpilegrimsleia, der reisande kan følgje over tusen år gamle ferdselsvegar over sjø og land langs kysten mot Trondheim. Selje og øya Selja har også vore eit pilegrimsmål i seg sjølv, med Sta. Sunniva som Noregs første og einaste kvinnelege helgen. Helgenstaden og klosterruinane på Selja kloster er eit viktig kulturminne og besøksmål den dag i dag. Selje prestegard er eit godt utgangspunkt for å formidle historia både om klosteret på Selja og om den over 300 år gamle prestegarden.

Jobben som pilegrimsvert består i å ta imot besøkande , formidle informasjon om tilbod og aktivitetar i området og administrere enkel servering og overnatting. I tillegg kan det bli aktuelt å gjennomføre omvisingar og andre formidlingsaktivitetar i prestegardstunet, samt vere med på kortare utflukter til historiske stader i området.

Selje prestegard er open kvar dag mellom kl 9 og 21 i sommarsesongen. Det vil bli tilsett tre vertar/guidar som arbeider i turnus dag, kveld og helg, med noko overlapping.

Arbeidsoppgåver

  • Vere vertskap for Selje Regionale Pilegrimssenter og formidle informasjon til besøkande.
  • Guiding i prestegardstunet, Selje sentrum og andre kulturhistoriske besøksmål i nærleiken.
  • Formidle historia til Selja kloster og helgenanlegget.
  • Formidle historia til Selje prestegard.
  • Informere om transport, overnatting, opplevingar og tilbod i Selje og regionen.
  • Informere om kystpilegrimsleia.
  • Sal av suvenirar og føring av statistikk.
  • Koordinering av sommararrangement i prestegarden.
  • Legge til rette for og gjennomføre aktivtetar i prestegardstunet.
  • Administrere eit enkelt sjølvbetent mattilbod.
  • Rydde og halde prestegarden i orden, både inne og ute.
  • Administrere overnattingstilbodet i prestegarden.
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonskrav

  • Gjerne student innan språk, historie, arkeologi, reiseliv, pedagogikk eller andre relevante fag.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk. Det er ein fordel om du meistrar fleire språk.
  • God IKT-kompetanse.
  • Lokalkunnskapar om Selje, Stad kommune og regionen er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.
  • God fysisk form, og erfaring med friluftsliv er ein fordel. Gjerne våttkort for kajakk.

Om deg

  • Sørvisinnstilt og flink til å kommunisere.
  • Sjølvstendig, nøyaktig og likar ein aktiv kvardag.
  • Fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig.

Vi tilbyr

  • Ein interessant og triveleg sommarjobb i historiske omgjevnader midt i Selje sentrum..
  • Arbeidstid etter oppsett turnus.
  • Du må rekne med noko helgearbeid og kveldsarbeid.
  • Løn etter tariff.
  • Moglegheit for å bu i Selje presetegard i tilsettingsperioden.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden. I søknaden må du opplyse om når du kan arbeide. dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, ber vi om at du opplyser om dette.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med einingsleiar Tonje Ramse Trædal i Selje regionale pilegrimssenter.