Vernepleiar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid

Om stillinga

100% fast stillinga ved teneste for personar med nedsett funksjonsevne i Lavik. Arbeidstid er turnus med arbeid 3 kvar helg.

Høyanger kommune er inne i ein prosess, der vi skal utforme ei ny teneste for personar med nedsett funksjonsevne. Det blir lagt opp til bukollektiv i små tun, der eit vil ha base i Lavik. Vernepleiarane som vi tilset vil få mogelegheit til å være med å legge til rette for ei god og framtidsretta teneste.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging av tenestetilbod til den einskilde brukar
  • rettleiing til anna personale innan PU-tenesta
  • følgje opp brukarar av tenestetilbodet i dagleglivet

Kvalifikasjonskrav

  • fortrinnsvis utdanning som vernepleiar evt. anna relevant høgskuleutdanning
  • har førarkort kl B
  • søkjarar må ha god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk
  • Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

Om deg

  • kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • kan vere fleksibel og samarbeidsvillig

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariff med rekrutteringstillegg 20 000,- pr år. God pensjonsordning gjennom KLP.