Highsoft AS Hovedbilde

Utviklar i ei verdsleiande tek-bedrift?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Utviklar Highsoft AS Vik Fulltid
Highsoft AS Logo

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørgen Tistel

Søknadsfrist

15. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vår visjon er å vere førstevalet innan digital datavisualisering. I dag er Highsoft verdsleiande, og vi utvidar no webteamet vårt. 99% av kundane våre er internasjonale, og vi skal bli endå betre når vi ønskjer dei velkommen på nettsidene og i nettbutikken vår. Difor treng vi deg som som er god på å programmere websider. Vi nyttar teknologi som Node.js, React, PHP, MySQL, and Amazon Web Services og Wordpress. Hovudsakleg er produktlina vår bygd på TypeScript.

Du har òg gjerne ein spirande leiar i magen, og er flink å dele kunnskapen din. Har du lyst å jobbe i ei internasjonal teknologibedrift og utvikle teknologi for framtida, så må du lese vidare!

Ansvarsområde / Kva skal du gjere?

  • Strategiske diskusjonar med leiarar på forretningssida
  • Utvikle nettsider, nettbutikk, forum og demosider
  • Gjennomføre code reviews
  • Planlegge, styre og delta i arbeidet med bruk av smidig utvikling
  • Samarbeide om utvikling og supporttjenester med vår utviklingspartnar i Polen

Kvalifikasjonar / Kven er du?

  • Relevant utdanning eller erfaring med webutvikling i utviklingsmiljø
  • Erfaring med PHP, React/JavaScript og Wordpress
  • Gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kvifor velje Highsoft og denne stillinga?

  • Unik moglegheit til å vere med å påverke utviklinga i eit ambisiøst selskap med globalt nedslagsfelt
  • Verdsleiande produkt med solid marknadsposisjon
  • Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Fleksibel arbeidskvardag med høg autonomi
  • Hybrid arbeidsløysing med moglegheit for heimekontor
  • Trygg arbeidsplass med god økonomi

Du vil rapportere til CTO og jobbe tett med resten utviklarteamet både i Vik, Bergen og i Polen.

Kontorstad Vik i Sogn eller Bergen. Andre stadar kan vurderast.

Ynskjer du meir informasjon er du velkommen til å ta kontakt med CTO Jørgen Tistel på telefon 971 32 057.

Søknadsfrist: 15. januar 2022

Highsoft AS Kulturbilde