Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Luster kommune | Luster | Sommerjobb |
Ved verdsarven Urnes stavkyrkje søkjer me tre driftige tunvertar for sommarsesongen 2023. Me søkjer deg som interessere deg for lokal- og kulturhistorie, som vil være med på å formidle denne, og halde området rundt verdsarven ved like.
Opplæring i skjøtselsarbeid, bruk av utstyr, samt i historia til staden og verdsarven vil bli gitt.
Arbeidsperiode: turnus på 5-6 veker, etter avtale, i perioden 15.05– 20.08. Informer i søknaden i kva periode du kan jobbe.