
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Trainee: Teknologi | Lotteri- og stiftelsestilsynet | Sunnfjord | Trainee |

Du søker direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet på denne traineestillinga.
Søk traineestillingLotteri- og stiftelsestilsynet er på utkikk etter trainee til stab IT og dokumenthandtering frå august 2026 til august 2027. Vi søker deg som vil jobbe for å forenkle arbeidsprosessar og ta i bruk nye digitale verktøy.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein statleg tilsynsmyndigheit som skal sikre at pengespel, lotteri og stiftelsar blir drivne på ein trygg, ansvarleg og tillitvekkande måte. Vi forvaltar viktige samfunnsoppdrag, der digitalisering og gode teknologiske løysingar er avgjerande for effektiv saksbehandling, godt tilsyn og god service. IT-strategien vår legg opp til meir bruk av automatisering, betre utnytting av data og trygg innføring av ny teknologi.
Som trainee vil du vere knytt til stab IT og dokumenthandtering, som har ansvar for drift, utvikling og vidareutvikling av dei digitale løysingane i tilsynet. Staben støttar heile organisasjonen med systemforvaltning, dokument- og arkivløysingar, digital samhandling, informasjonstryggleik og utviklingsprosjekt. Staben har òg ei sentral rolle i å samarbeide med fagavdelingane om å forenkle arbeidsprosessar og ta i bruk nye digitale verktøy.
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø, og Lotteri- og stiftelsestilsynet har god erfaring med å ha traineear gjennom ordninga til Framtidsfylket.
I trainee-stillinga vil du jobbe tett med både IT-miljøet og fagavdelingane. Rollen handlar om å gjere kvardagen meir effektiv, samtidig som ein oppfyller krava til god IT-sikkerheit og personvern. Kunstig intelligens (KI) kan vere eitt av fleire verktøy vi nyttar, men du vil også jobbe med andre metodar og digitale løysingar. Du vil delta i tverrfaglege prosjekt og forbetringsarbeid, følge med på relevante teknologitrendar og dele læring internt. Du vil delta i eit strukturert trainee-opplegg og få brei innsikt i organisasjonen gjennom deltaking i ulike prosjekt og arbeidsoppgåver.
Det er viktig for oss at dei tilsette trivst, og som trainee hos oss vil du få:
Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. I tillegg held vi til i moderne kontorbygg i Førde sentrum, der vi har kantine med lunsjordning, samt trening i arbeidstida og eige trimrom på huset.
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear.
Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Så, kva trur du? Om du synest dette høyrest interessant ut, men har lyst å vite meir - ikkje nøl med å ta kontakt. Vi fortel gjerne meir om våre spennande arbeidsoppgåver.
Verdt å merke seg
Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar stillingskode 1408/1434. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
