
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Trainee: Webutviklar | Highsoft AS | Vik | Trainee |

Du søker direkte til Highsoft AS på denne traineestillinga.
Søk traineestillingVil du starte karrieren din ein stad der du faktisk får byggje ting som blir brukt og samstundes ha fjell, fjord og frisk luft rett utanfor døra? Hjå Highsoft får du jobbe med moderne webteknologi i eit miljø som kombinererfagleg tyngde med låge skuldre, korte beslutningsvegar og ein god dose humor. Her blir du ikkje “berre ein trainee”, du blir ein del av laget frå dag éin.
Som trainee i Framtidsfylket får du og ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til fast jobb i eitt år med gode kollegaer, er du del av eit sosialt nettverk av trainear 🧡
Du har ein genuin interesse for webutvikling, enten det kjem frå studiet, kurs eller eigne prosjekt du har jobba med på fritida. Kanskje har du fikla med ei eiga nettside, testa ut nye rammeverk eller prøvd å få ting til å funke litt for seint på kvelden? Då kjenner vi oss igjen.
Du har grunnleggande forståing for HTML, CSS og JavaScript, og er nysgjerrig på korleis ting heng saman i moderne frontend-løysingar. Samstundes er du komfortabel med å ikkje kunne alt frå før. Du likar å lære, stiller spørsmål og tør å prøve og feile – det er slik ein faktisk blir god.
Hjå oss får du tett oppfølging og ein mentor som faktisk bryr seg om utviklinga di. Du jobbar med ekte prosjekt frå start, og får moglegheita til å byggje erfaring som er relevant og ikkje berre teori.
Vi har eit fagmiljø som likar å dele, enten det skjer gjennom workshops, korte fagpratar eller spontane diskusjonar over ein kopp kaffi. Det er låg terskel for å spørre om hjelp, og høg takhøgd for nye idear.
Me tilbyr fleksitid, moglegheit for heimekontor, workaway og sjølvsagt konkurransedyktig løn.
Hjå Highsoft er arbeidskvardagen prega av ein uformell tone og ein kultur der det er rom for å vere seg sjølv. Vi er eit internasjonalt team med røtter i Vik, og kombinerer ambisjonar om å vere best i verda på det vi gjermed ei ganske jordnær tilnærming til arbeidskvardagen. Her kan diskusjonar like gjerne skje på ein gåtur som i eit møterom, og det er ikkje uvanleg å ta ein runde dart eller ein kaffi i Stova når ein treng ein pause. Med fjord og fjell rett utanfor døra ligg alt til rette for å kople av etter jobb, enten du likar toppturar eller berre frisk luft.
Send oss CV og fortel kort kvifor du vil jobbe hjå oss og sleng gjerne med noko du har laga (GitHub, kodeprosjekt eller liknande). Vi diggar å sjå kva du får til!
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
