Trainee: Digitaliseringsrådgjevar Bilde

Ønsker du å bidra til eit enklere digitalt liv for ein heil kommune?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Digitaliseringsrådgjevar Ullensvang kommune Ullensvang Trainee
Ullensvang kommune Logo

Ullensvang kommune

Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Øystein Undem
404 99 453

Søknadsfrist

1. april 2024

Du søker traineestilling hos Ullensvang kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Foto: Linn Bjørkelund, Ullensvang fotoklubb

Digitale tenester i Ullensvang kommune inviterer deg til å bli ein del av vårt lag som trainee innan prosjekt- og prosessleiing. Dette er sjansen til å setje ditt preg på ei stilling som gir deg moglegheita til å forbetra og effektivisera digitale prosessar. Du vil ha ein direkte innverknad på korleis vår organisasjon arbeider med digitale verktøy, både internt og i tenestene vi leverer til innbyggjarane våre. Vi trur dette er draumejobben for deg som er nysgjerrig og ønsker å påverke ein heil kommune gjennom kontinuerleg forbetring.

Som vår nye trainee vil du spela ei nøkkelrolle i regionale- og nasjonale digitaliseringsprosjekt. Du vil få moglegheita til å delta på spanande kurs og seminar som vil styrka både kompetanse og nettverk.

Nysgjerring på korleis det er å vere trainee i Ullensvang Kommune? Les om Anine sin oppleving her.

Dine hovudoppgåver vil inkludera:

Som digitaliseringsrådgiver vil dine hovudoppgaver vere knytta til ulike prosjektarbeid. Både med å gje støtte til eksisterande prosjekt, men du vil også få ansvar for eigne prosjekt.

  • Prosessarbeid og kartlegging på tvers av sektorane med hovudfokus på å forenkla og forbetra
  • Gjennomføring av både interne og eksterne prosjekt i samarbeid med ulike samarbeid for digitalisering
  • Deltaking og gjennomføring av større fagsamlingar
  • Økonomisk oppfølging av prosjekt
  • Bidra til standardisering av prosessar med fokus på digitalisering og effektivisering

Kvalifikasjonar:
Vi søker etter ein trainee med bachelor, master eller fagskuleutdanning der prosjekt- og organisasjonsleiing er ein viktig del av utdanninga. Rolla krever også at du er har ein sterk digital kompentanse, så vell som at du er trygg på å kommunisere klart både skriftleg og munnleg på norsk.
Andre faktorar vi ser etter i ein trainee er:

  • Ambisjon og motivasjon for å bidra og læra
  • Sjølvstende og evne til å ta initiativ for å gjere ein positiv skilnad, både fagleg og sosialt
  • Vera open for reise til kurs og seminar
  • Modig, nysgjerrig og open for å tenkje stort
  • Førarkort klasse B er ein fordel, men er ikkje eit krav.

Om verksemda
I stillinga vil du jobba tett med verksemdsleiar for digitale tenester og resten av verksemda. Som vår nye trainee blir du ein del av eit lag som set pris på det å vera fagleg dyktig, ærleg og sjølvstendig. Vi har fokus på fagleg utvikling, myndiggjorte medarbeidarar og eit godt sosialt miljø. Digitale tenester har 15 tilsette, samt 4 digitaliseringsrådgjevarar knytt til sektorane.
Verksemda digitale tenester er organisert på følgjande måte:

  • IKT-drift
  • Digitaliseringsteam med dedikerte digitaliseringsrådgjevarar for alle sektorar
  • Dokumentsenter
  • Rådgjevar informasjon og kommunikasjon

Arbeidsplassen din vil vera rådhuset i Odda. Vi tilbyr moglegheit til å jobbe nokre dagar frå andre stader i kommunen eller på heimekontor.
Vi gir deg dei digitale verktøya du treng for å lukkast i jobben.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spanande arbeid
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Som ein ekstra bonus er stillinga i friluftshovudstaden Ullensvang; der industri i verdsklasse møter landbruk i ei idyllisk setting som du sannsynlegvis berre har sett på postkort. Ullensvang gir deg moglegheita til å nyte friluftslivet og oppleve fantastisk natur, samtidig som det er eit breitt utval av aktivitetar og fritidstilbod for alle interesser. Velkomen til ein spanande moglegheit for personleg og fagleg utvikling i ein eventyrleg kommune!

Er du klar for å gjere ein skilnad og ta på deg ein ekte utfordring? Ikkje gå glipp av denne moglegheita. Bli ein del av vårt lag og opplev ein unik moglegheit til å forma framtida i ein av Noregs vakraste kommunar. Ta utfordringa – søk no!

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
  • Eit nettverk med traineear i andre bedrifter i Vestland fylke
  • Turar og samlingar i arbeidstida
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv
  • Studietur til utlandet
  • Sjansen til å gjere ein større forskjell
  • Ein draumestart på karriera
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.