Trainee: Tjenestedesign hjå Skyss Bilde

Vil du jobbe med tjenestedesign for Skyss?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Tjenestedesign hjå Skyss Vestland fylkeskommune Bergen Trainee

Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Er du engasjert i berekraft og det grøne skiftet, og er du opptatt av korleis kollektivtransport og nye mobilitetstenester skal bidra til å løyse store og viktige utfordringar i by og land i Vestland?
Vil du vere med å bidra til at dei som bur og reiser her skal oppleve eit mobilitetstilbod som er enkelt å bruke og best mogleg tilpassa reisebehovet?

Traineestillinga er plassert i Skyss, med arbeidsstad Leikanger eller Bergen.
Vårt samfunnsoppdrag er å utvikle eit velfungerande og berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland.
Som trainee hjå Skyss vil du få moglegheit til å jobbe med tverrgåande oppgåver og prosjekt som skal stø opp under at vi når måla for verksemda.

Les meir om oss her:Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i utviklings- og innovasjonsarbeid på tvers av avdelingar i Skyss
  • Delta i ulike prosjekt innan kjerneverksemda i Skyss, basert på kva kompetanse du kjem med frå di utdanning og erfaring.
  • Aktuelle arbeidsområde vil vere innan digitale tenester, produktutvikling og -forbetring, planlegging og utvikling av mobilitetstilbodet, informasjon og kommunikasjon, effektivisering av arbeidsprosessar, og organisasjonsutvikling.
  • Tenestedesign vil vere særleg relevant som metodisk tilnærming.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad med relevans til dei mogelege arbeidsoppgåvene
  • Du er nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne

Personlege eigenskapar

  • Arbeider faktabasert og analytisk
  • Engasjert i berekraft og utvikle framtidas mobilitetssystem
  • Gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • Fleksibel og endringsdyktig med omsyn til oppgåver og bruk av kompetanse
  • Evne til å sjå mogelegheiter og til å utfordre på ein respektfull måte

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
  • Eigen mentor
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester.
Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen.
Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland.
For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida.
Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.