Trainee: Ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt Bilde

Bli trainee i Noregs friluftshovudstad!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt Ullensvang kommune Ullensvang Trainee

Du søker traineestilling hos Ullensvang kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.

Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng fleire med på laget.

Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, og du kjem til å få spennande prosjekt, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Traineestillinga ligg til verksemd for Byggesak og kart/oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad. Tar du utfordringa som traineekandidat ?

Arbeidsoppgåver:

Hovudmengda av arbeidet er knytt til sakshandsaming knytt til plan- og bygningslova og anna aktuelt lovverk. Dialog med innbyggjarane er også ein viktig del av arbeidet.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Minimum 3- årig høgare utdanning, t.d. ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt med relevante fagkretsar
  • Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
  • Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
  • Beherske norsk som arbeidsspråk

Ynskte eigenskapar:

  • Evne til å arbeida systematisk
  • Gode gjennomføringsevner
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og positiv innstilling
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • Fagleg bistand og rettleiing.
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Konkurransedyktig løn
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Moglegheit for fast stilling etter gjennomført traineeprogram.

Nærare opplysningar ved:

Verksemdsleiar for Byggesak og kart/oppmåling, Trygve Vik, tlf: 900 69 759 og e-post: trygve.vik@ullensvang.kommune, eller HR-sjef v/ Eivind Gregersen, tlf. 98488799 og e-post: eivind.gregersen@ullensvang.kommune.no.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no