Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: HR | Ullensvang kommune | Ullensvang | Trainee |
Du søker traineestilling hos Ullensvang kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng fleire med på laget.
Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, og du kjem til å få spennande prosjekt, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Traineestillinga ligg til HR i Ullensvang kommune som i dag har 11 tilsette. Traineestillinga vil vera lokalisert i lag med HR teamet som i dag har 1 kommunalsjef og 2 HR rådgivarar. Arbeidstad vil vera sentraladministrasjonen i Odda. Tar du utfordringa som traineekandidat?
Vi ser etter ein sjølvstendig og lærevillig person til vårt HR-team. Du er positiv og engasjert og bidreg med å vidareutvikle og forbetre våre tenester. Du må tørre å utfordre leiarar og tilsette, slik at vi sammen kan finne dei beste løysingane.
Vi tilbyr ein variert kvardag, der du trivst med å ta ned nye utfordringar i lag med HR teamet.
Avdelinga søkjer etter personar med relevant bakgrunn og erfaring. Du får høve til å bruke kompetansen din og drive fram endringar. Stillinga gjev stort rom for personleg og fagleg utvikling. Læring og deling står sentralt som verdiar for avdelinga, på linje med kompetanseheving og utvikling.
Kommunalsjef HR Eivind Gregersen, tlf. 98 48 87 99 - eivind.gregersen@ullensvang.kommune.no
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no