Trainee: Interaksjonsdesign Bilde

Vil du jobbe med interaksjonsdesign i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Interaksjonsdesign Sparebanken Sogn og Fjordane Sunnfjord Trainee
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Lillian Fauske Loen
578 29 700

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos Sparebanken Sogn og Fjordane, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Er du ein designar som har evne til å sjå moglegheiter i krysspunktet mellom brukarbehov og forretningsmål, og samtidig er formsterk, kreativ og kan forvalte designsystem på ein god måte?

Sparebanken Sogn og Fjordane jobbar kontinuerleg med å utvikle og forbetre dei digitale tenestene våre. Banken har eit solid utviklingsmiljø som jobbar saman med andre avdelingar i banken for å sikre gode og trygge løysingar. Som traineeinteraksjonsdesigner vil du jobbe med design på opne nettsider og i mobil- og nettbank. Du vil jobbe tett saman med designar, utviklarar, webredaktør og andre innhaldsleverandørar.

Vi ser for oss at du har:

  • relevant høgare utdanning innanfor UX/UI eller Interaksjonsdesign
  • erfaring frå å jobbe med designsystem, utvikle skisser og prototypar i Figma
  • kunnskap om organisering og gjennomføring av brukartestar og andre former for brukarinnsikt
  • universell utforming i ryggmargen

Korleis er det å jobbe hos oss?

Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Som trainee i Framtidsfylket får du mellom anna eit nettverk med andre traineear i Vestland fylke, eit spennande år med fagleg og personleg utvikling og innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region.

Vi håpar å høyre frå deg!

For meir informasjon om stillinga kontakt leiar for digitale kanalar, Bjørn-Egil Holmøyvik på tlf. 481 67 135 eller fagansvarleg design Mette Grytten på tlf. 952 36 406.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde