Trainee: Juss/økonomi Bilde

Vil du vere med å påverke framtidas renovasjonsselskap?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Juss/økonomi SIMAS IKS Sogndal Trainee
SIMAS IKS Logo

SIMAS IKS

Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger, Norge
6854 Kaupanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Dagny Alvik
913 90 943

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos SIMAS IKS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Som Trainee i SIMAS vil du ha moglegheit til å jobbe i eit renovasjonsselskap som bidreg direkte i den grøne omstillinga samfunnet står i. SIMAS tek framtida på alvor, og hos oss vil du få ha stor påverknad på korleis vi jobbar med berekraft og sirkulærøkonomi.

Me ser etter deg med juridisk eller økonomisk bakgrunn som ynskjer å jobbe i administrasjonen med spennande oppgåver innan offentlege anskaffingar, GDPR/personopplysningslova, miljørett og juridiske avklaringar i sakshandsaming med aktuelle lover og forskrifter.

Er du ein initiativtakar som ynskjer å delta aktivt i vårt arbeid i administrasjonen med desse oppgavene? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Ynskja kvalifikasjonar

Høgare utdanning innan jus, økonomi og administrasjon

Personlege eigenskapar

  • Godt humør
  • Offensiv og initiativrik
  • Evne til å kunne samarbeide i heile organisasjonen
  • God kommunikasjonsevne og pedagogiske eigenskapar
  • God skriftleg og munnleg både norsk og engelsk

Me tilbyr

  • Ein spannande jobb og eit fagleg nettverk med andre avfallsselskap på Vestlandet
  • Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar
  • Konkurransedyktig løn
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar, med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skular og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du og oppleve ein køfri kvardag.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.