Trainee SFE: Teknologi/økonomi  Bilde

Trainee SFE: Teknologi/økonomi

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogn og Fjordane Energi Gloppen Trainee
Sogn og Fjordane Energi Logo

Sogn og Fjordane Energi

Sørstrandsvegen 227
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jannicke Lindvik
90573077

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos Sogn og Fjordane Energi, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Verda står overfor store klimautfordringar og ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi. Produksjon og utvikling av fornybar energi frå vatn og vind er SFE si kjerneverksemd. Vi arbeider kontinuerleg med å skape ei fornybar framtid gjennom å framskaffe meir fornybar energi og utvikle nye framtidsretta løysingar.

I arbeidet med å forvalte kraftressursane våre på ein best mogleg måte, må vi heile tida utvikle oss og forbetre oss i takt med eit samfunn i endring. Våre fagmiljø innan økonomi og krafthandel jobbar med dette kvar dag, og no ønskjer vi å tilføre ny og frisk kompetanse gjennom å tilsette ein trainee.

Vi søkjer breitt etter kandidatar, då ulike fagretningar kan vere aktuelle. Arbeidsområde kan vere innanfor fagområda teknologi/IKT/digitalisering, kraftomsetning, økonomi – men rolla vil bli tilpassa bakgrunnen til den kandidaten vi tilset.

Om deg

  • Du har høgare utdanning innan IKT/teknologi, økonomi eller realfag
  • Du har god forretningsmessig forståing og evne til å sjå løysingar
  • Du er ein god lagspelar og likar å arbeide i team
  • Du er positiv, nysgjerrig og søkjer aktivt ny kunnskap

Vi kan tilby deg

  • Ein bransje med ei heilt unik rolle i klimaarbeidet
  • Ein jobb som gir meining
  • Sterke kompetansemiljø med store moglegheiter for utvikling
  • Konkurransedyktig løn og gode ordningar
  • Eit attraktivt og godt arbeidsmiljø

Arbeidsstad er Sandane.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Sogn og Fjordane Energi Kulturbilde