Trainee: Økonomi og administrasjon Bilde

Vil du jobbe med økonomi og administrasjon i eit selskap i vekst?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Økonomi og administrasjon Proresult AS Sunnfjord Trainee
Proresult AS  Logo

Proresult AS

Hafstadvegen 25
6814 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Laila Vilnes Helgheim
94834576

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos Proresult AS , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Proresult er eit spanande og raskt vaksande teknologiselskap som leverer eigenutvikla prosjekt- og styringsverktøy for blant anna bygg- og anleggsbransjen i Norge.

Vi er i sterk vekst og er blant dei leiande i Norge med digitale løysingar som skal hjelpe bygg- og anleggsbransjen til ein enklare og smartare arbeidskvardag. Vårt fortrinn er at vi tilbyr ei «alt i eitt løysing», utvikla saman med våre kunder, og opplever ei auka førespurnad etter våre produkt og tenester. Vi ser etter ein trainee innan økonomi og administrasjon som vil støtte og bistå med rapportering og anna bedriftsøkonomisk arbeid. Hos oss vil du få utviklingsmoglegheiter og vere ein del av eit dedikert og kompetent teknologimiljø.

Kven er du?

Vi ser etter deg som liker varierte oppgåver og utfordringar. Du har gode digitale ferdigheter og er nysgjerrig på å lære nye. Du evner å jobbe sjølvstendig, er engasjert og tar gjerne initiativ. Du er strukturert, målretta og har gode samarbeidsevner.

Oppgåver du vil få jobbe med er blant anna:

  • Personaladministrative oppgåver
  • Følge opp HR-relatert rammeverk, rutiner og retningslinjer, samt bistå i kontinuerlegforbetring av desse
  • Utarbeiding av andre rutiner
  • Bistå med rapportering og anna bedriftsøkonomisk arbeid
  • Inngåande og utgåande fakturahandtering, oppfølging av uteståande fordringar og innkjøp
  • Lønskøyring
  • Støtte for medarbeidarar og leiarar
  • Bistå i arbeidet med rekruttering og onboarding av nytilsette

Vi tilbyr

Som trainee i Proresult vil du få ein eigen mentor som blir ansvarleg for oppfølging og den faglege utviklinga di. Du vil bli del av eit mindre selskap i vekst, og får moglegheit til å vaksesaman med oss. Vi har eit energisk og uformelt miljø, der moglegheitene for å påverke er store. Balanse mellom jobb og fritid er viktig for oss, og vi er opptatt av medarbeidertilfredshet, heiar på mangfald og likar å skape resultat saman.

Vi har store vekstambisjonar, og i løpet av 2023/2024 har vi ambisjonar om å fortsatt auke tal tilsette innanfor fleire fagfelt. Arbeidsstad er Peak Sunnfjord i Førde, eit innovativt IT- og utviklingsmiljø med rundt 30 bedrifter som til saman har meir enn 100 tilsette.

Vi håpar DU er vår neste traine einnan økonomi og administrasjon i Proresult!

Difor valde Jon (avbilda) å bli trainee i Proresult:

– Då eg såg at eg hadde sjansen til å jobbe i ei så framtidsretta bedrift, kjendeeg at eg kunne utvikle meg fagleg og personleg.
Det seier Jon Kristian Seljestø (26). Han er for tida utviklar-trainee i Proresult.

Sogningen Seljestø har utdanning i IKT frå Universitetet i Bergen, og hadde lyst på ei stilling som utviklar. Den fann han altså i Førde.

– Eg hadde tilbodfrå ei anna bedrift også, men valdeProresult fordi eg tenkte at det var der eg kunne utvikle meg best. Eg hadde eit godt inntrykk av arbeidsmiljøet der, seier han og legg til:
– Seinare har eg fått bevist at slik var det også.

Sunnfjordbyen Førde er akkurat passeleg stor for han:
– Eg har erfaring med å bu både på bygda og i Bergen. Førde er ein god mellomting. Eg har fått meg ein stad i sentrum som gjer det veldig lett med pendling. Det er mange aktivitetar å gjere, og mange hyggelege folk her.

Om arbeidsmiljøet i Proresult seier han følgande:
– Det har vært strålande for min del. Alle er hyggelege og hjelpsame, og støttar kvarandre når det kjem eit problem. Eg kunne eigentleg ikkje spurt om noko betre. No er målet mitt å få fast jobb.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no

Proresult AS  Kulturbilde