Trainee: Utviklingsarbeid Bilde

Vil du bidra til å auke studentengasjementet på HVL?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Utviklingsarbeid Høgskulen på Vestlandet Sogndal Trainee
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Iris Wehn
57676232

Søknadsfrist

15. mars 2023 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Høgskulen på Vestlandet på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 17 000 studentar og 2 000 tilsette fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

Traineestillinga er knytt til både Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon som er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Stillinga er knytt til Campus Sogndal.

Vi søkjer etter ein trainee til eit tverrfagleg samarbeid mellom Avdeling for utdanningskvalitet og Avdeling for studieadministrasjon der traineen skal setje større fokus på arbeidet med å få auke studentengasjementet på HVL. Det er viktig å sikre god studentmedverknad for vårt kvalitetsarbeid på høgskulen.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere utviklingsarbeid knytt til studentengasjement, rekruttering av tillitsvalde, studiestart og fadder, studentassistentordninga og gjennomstrøyming og fråfall. Andre arbeidsoppgåver kan komme i tillegg.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på masternivå.
  • Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning og utviklingsarbeid, erfaring frå arbeid i studentorganisasjonar eller erfaring frå arbeid i høgare utdanning.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.

Om deg

Du:

  • er interessert i å arbeide tverrfagleg
  • likar å formidle den faglege interessa di til andre
  • har lyst til å vere med å utforme arbeidsoppgåvene i stillinga
  • vil identifisere og løfte fram nye problemstillingar og prosjekt
  • kan arbeide systematisk og strukturert mot fristar 
  • vil arbeide i eit fagmiljø som legg vekt på at alt er mogleg, og som er veldig spent på kva akkurat du og dine interesser kan bidra med

Vi tilbyr

  • HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollega i eit utviklande miljø der du får vere med å bidra.
  • Tilsetting i ett år i 100% stilling som trainee med oppstart august 2023
  • Eit spennande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlem i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtale

Om oss

HVL jobbar aktivt for å vere tett på studentane og nærings- og arbeidslivet i regionen, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved campus Sogndal er det om lag 3 000 studentar og 370 tilsette fordelt på fellesadministrasjon, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap,Institutt for miljø og naturvitskap (tilhøyrande Fakultet for ingeniør- og naturvitskap), og Institutt for velferd og deltaking (tilhøyrande Fakultet for helse- og sosialvitskap).

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde