Bystøl  Hovedbilde

Vil du jobbe som ingeniør innan byggteknikk i Vik eller på Voss?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Byggteknikk Bystøl Vik Trainee
Bystøl  Logo

Bystøl

Tomtebu 2, 6893 Vik i Sogn
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

576 98 580

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos Bystøl , men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Bystøl AS søkjer etter ingeniørar eller sivilingeniørar innan byggteknikk til våre to trainee-stillingar. Me ynskjer ein til vårt kontor i Vik i Sogn og ein til Voss. Me kan tilby oversiktleg og fleksibelt arbeidsmiljø med kort veg til sjefen. Du har stor fridom til å styra eigen arbeidsdag, og du kjem til å arbeida med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan vasskraft og byggebransjen. Me er spesielt interesserte i deg som er god på vassdragsteknikk, konstruksjonsteknikk eller anleggsteknikk om som har erfaring med bruk av Revit og Civil3D.

Me kan tilby ein kultur med opne dørar inn til alle kontor og me brukar bevisst tid på å hjelpa kollegaer og løysa problem og utfordringar i fellesskap. Me brukar ikkje mykje tid i Bystøl på å utarbeide fine websider og brosjyrar med visjonar, verdigrunnlag og elles strategiarbeid. Me tek oss heller ein tur eller to i året i lag, ser på prosjekt under bygging eller ferdigstilling eller besøkjer leverandørar i utlandet, et god mat og søv på spesielle hotell. At me gjer det me har lyst til og tykkjer er interessant speglar også prosjekta me arbeider med. Me ynskjer å vera ein fleksibel arbeidsplass som tek vare på kvar enkelt tilsett.

Bystøl AS er eit rådgjevande ingeniørfirma innan bygge-og anleggsteknikk med 19 tilsette. Vi er eit uavhengig selskap eigd av dei tilsette med hovudkontor i Vik i Sogn. Hovudaktiviteten er detaljprosjektering av småkraftverk. Hovudvekta av oppdrag er på Vestlandet, men me arbeider også i land som Uganda, Nord-Makedonia og Indonesia. Bystøl AS har prosjektert over 85 kraftverk med samla årsproduksjon på over 1200 GWh og me har mange fleire på gang. Sjå meir på: www.bystol.no

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Bystøl  Kulturbilde