Tømrar/bygningsarbeidar Bilde

Tømrar/bygningsarbeidar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid
Luster kommune Logo

Luster kommune

Rådhusvegen 1
6868 Gaupne
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Terje Arild Kveane
95191935

Søknadsfrist

8. september 2023

Stillingsinformasjon

Luster kommune har ledig stilling som fagarbeidar/tømrar ved teknisk drift.

Teknisk drift har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg og utleigebustader, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avlapsnett i kommunen.

For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg og bustader
  • Noko vaktmeistertenste kan vere aktuelt
  • Anna vedlikeholdsarbeid ved teknisk drift

Kvalifikasjonar

Me søkjer etter ein,event. to personar med erfaringar innan bygningsfaget. Erfaring som tømrar og målar/legging av golvsbelegg/flis er ønskjeleg. All relevant kompetanse vil bli vurdert.

  • Fagbrev som tømrar eller innanfor måling/golvlegging/flisarbeid er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Kjennskap til internkontroll og HMT
  • Kjennskap til bruk av data og styringsverktøy

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og initiativrik
  • Serviceinnstilt

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Luster kommune Kulturbilde