Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Teknolog | Nav økonomiteneste | Sogndal | Fulltid |
Då er dette jobben for deg! Vi i NAV Økonomiteneste (ØT) jobbar kvar dag for å tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til NAV, og no ser vi etter deg som vil jobbe med automatisering av økonomiprosessar og bidra til utvikling på nye område.
NAV Økonomiteneste ligg i front i NAV når det gjeld bruk av RPA. Vi har dei siste åra implementert RPA-teknologi (Robotic Process Automation) for å gjere arbeidsprosessane meir effektive og frigjere verdifull tid. Vi har i dag om lag ti prosessar i drift, og RPA-teamet hjå oss sørger for utvikling, drift og vedlikehald. Du vil bli ein del av dette teamet, og du vil på denne måten bidra til å auke rekneskapskvaliteten i NAV ved hjelp av automatiserte kontrollar.
På økonomiområdet implementerer NAV no fleire nye løysingar, og også her har vi behov for din kompetanse. Vi skal ta i bruk eit nytt finansielt datavarehus (Snowflake) og nye verktøy for budsjett, prognose og rapportering. Her kan du mellom anna få moglegheit til å lære deg å utvikle i nye BI-verktøy som MicroStrategy og ThoughtSpot.
Nye løysingar på økonomiområdet i NAV vil gi både auka effektivitet og heve rekneskapskvaliteten i NAV, men det vil i tillegg gi våre medarbeidarar ein ny arbeidskvardag i nye verktøy. I dette ligg det mange moglegheiter for digital kompetanseheving, og du vil få ei sentral rolle i den digitale reisa til ØT.
Hjå oss får du moglegheit til vere med og forme stillinga sjølv. NAV IT har eit stort, framoverlent IT-miljø som du vil bli ein del av, både gjennom samarbeid og kompetanseheving. Oppgåver og innhald i stillinga vil kunne utvikle seg i takt med arbeidsgjevar sitt behov, samt din kompetanse og dine interesser.
Er du ein utviklingsorientert teknolog på jakt etter draumejobben mellom fjell og fjord? Då er dette jobben for deg! Vi i NAV Økonomiteneste (ØT) jobbar kvar dag for å tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til NAV, og no ser vi etter deg som vil jobbe med automatisering av økonomiprosessar og bidra til utvikling på nye område.
Du har ein genuin interesse for teknologi og utvikling, og du likar å dele din kunnskap med andre. Du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre, og du har evne til å prioritere mellom oppgåver. Du er ein lagspelar som bidreg positivt i teamet du er ein del av, samstundes som du har evna til å ta leiing og sikre framdrift og kontinuitet når dette trengs. Du er god på å sjå det store biletet, og kan sette deg inn i nye fagområde og arbeidsprosessar.
Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor.