Teknisk utviklingssjef Bilde

Simas søker teknisk utviklingssjef

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Teknisk utviklingssjef SIMAS IKS Sogndal Fulltid
SIMAS IKS Logo

SIMAS IKS

Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger, Norge
6854 Kaupanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Dagny Alvik
913 90 943

Søknadsfrist

31. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Foto: Falkeblikk

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn. Med stort fokus på klima og miljø spelar selskapet ei viktig rolle i samfunnsutviklinga.

Vi jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.

Om stillinga

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Vi ser etter ein teknisk utviklingssjef som kan vere med på å utvikle SIMAS vidare som eit framtidsretta renovasjonsselskap.

Vi ser etter deg som vil vere leiar for teknologi og tenesteutvikling og ynskjer ein leiar som er oppteken av utvikling og nyvinning.

Du vil vere ein del av stab- og leiargruppa og jobbe tett med organisasjonen, leverandørar, næringsaktørar, andre avfallsselskap og eigarkommunane i arbeidet med sirkulær økonomi. Som person har du eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle verksemda sine mål og strategiar ilag med leiargruppa
  • Ansvar for prosjekt innan utbygging og driftsoptimalisering
  • Leie anskaffingsprosessar
  • Jobbe saman med kommunane i utviklinga av tenestetilbodet

Vi ser etter desse kvalifikasjonane

  • Høgare relevant utdanning innan teknologi, bygg- og/eller miljøfag
  • Leiarerfaring
  • Dokumentert erfaring med prosjektleiing

I tillegg ynskjer vi at du

  • Har eit stort engasjement for miljø og berekraft
  • Interesse for teknologiutvikling
  • Har fagleg innsikt innan avfall, gjenvinning og miljøvern
  • Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Har erfaring med innkjøp og anskaffingar
  • Er tydleg, målretta og kan ta avgjerder
  • Er van med å jobbe tverrfagleg
  • Er positiv, humørfylt og inkluderande

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar
  • Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
  • Konkurransedyktig løn
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjend for gode skular og rikt utdanningstilbod. Her vil du òg oppleve ein køfri kvardag.

Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert Direktør Dagny Alvik på telefon 913 90 943.