Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Fjord1 AS | Kinn | Fulltid |
Fjord1 er verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og har dei siste åra sikra seg ein leiande posisjon innan vår bransje gjennom nye anbodskontrakter. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og med ei av verdas mest teknisk avanserte fartøysporteføljer, skal vi vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport!
Ein av våre teknisk inspektørar skal igjen sette sjøbein, og vi har difor ledig stilling som teknisk inspektør til vår driftsorganisasjon i Florø.
Som teknisk inspektør blir du ein del av eit dedikert team som har ansvar for ei definert fartøyportefølje. Dette inneberer at du har ansvar for den tekniske tilstanda til fartøya, og sikre at dei til ei kvar tid er i optimal teknisk stand.
Stillinga inngår i eit større team på omkring 15 engasjerte kollegaer med brei erfaring og høg kompetanse. Her vil du finne eit inkluderande og stimulerande arbeidsmiljø prega av høg aktivitet og tempo. Du vil også inngå i vårt tekniske fagnettverk som skal bidra til erfaringsoverføring, kompetanseheving og sikre ein proaktiv sikkerheitskultur.
Vi ønsker svært gjerne at du har kompetanse og erfaring frå drift og vedlikehald av hurtigbåt.
Om du er detaljorientert, teknisk kunnskapsrik og setter kvalitet høgt trur vi dette kan være jobben for deg!