
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Luster kommune | Luster | Fulltid |

2. gongs utlysing.
Frå 01.08.2022 vert det ledig fast stilling som 100 % styrar ved Gaupne barnehage. Dette er ein av dei mest spennande barnehagestillingane i region Sogn. Som styrar vil du verta del av ein veldriven og utviklingsretta barnehage, du vil vera saman med eit stort og engasjert personale, møta flotte og unike barn og utgjera eit leiarteam saman med assisterande styrar. Styrar er også del av leiarkollegiet i oppvekstsektoren i Luster. Leiarkollegiet har regelmessige møte.
Gaupne barnehage er den største barnehagen i Luster kommune og vil frå hausten ha seks avdelingar med kapasitet på 132 barnehageplassar. Barnehagen har inneverande år ei bemanning på 24,2 årsverk. Den sjette avdelinga og ny personalavdeling er under utbygging og vil stå klar til barnehagestart i august. Bygget er elles frå 2011 og moderne. Uteområdet vil også vera renovert før nytt barnehageår. Elles ligg barnehagen nær friluftsområde, skog og eigen naturleikeplass med sanitærforhold. Fysisk aktivitet og friluftsliv er viktig for Gaupne barnehage.
Barnehagen har arbeidt systematisk med det kommunale prosjektet psykisk helsefremjande barnehagar og COS over fleire år, har delteke som tiltaksbarnehage i forskingsprosjektet ACTNOW og er praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Arbeid med inkludering og språkutvikling står sentralt, ikkje minst fordi barnehagen har fleire minoritetsspråklege barn. Det komande barnehageåret vil Gaupne barnehage delta i eit pilotprosjekt om auka grunnbemanning.
Som styrar har du hovudansvaret for at heile barnehagen er ei trygg, innhaldsrik og målretta verksemd. Me kan tilby ein variert arbeidsdag med interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.
