Spesialkonsulent/rådgjevar museum Bilde

Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Spesialkonsulent/rådgjevar museum Vestland fylkeskommune Bergen Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Eva Moberg, leiar
90591452

Søknadsfrist

30. juli 2026 Søk på stillinga her

Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet.

Stillinga ligg i fageining for museum, fartøy- og bygningsvern, ein del av kulturarvseksjonen. Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen.

Vestland har ti konsoliderte museum og eit stort mangfald av institusjonar. Fylkeskommunen har ei sentral strategisk utviklarrolle i å leggja til rette for ein regional heilskap på museumsområdet, mellom anna innan fellesmagasin, bevaringstenester, bygningsvernrådgjeving og kunnskaps- og utviklingsarbeid.

No søkjer vi ein erfaren, engasjert og samfunnsorientert rådgjevar som vil bidra aktivt i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet
  • Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland
  • Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet
  • Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid
  • Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar
  • Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk
  • Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov

Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå (spesialkonsulent)
  • Dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid
  • Førarkort personbil klasse B

Vi ønskjer at du har:

  • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv
  • Erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein medarbeidar som kjenner seg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

I tillegg ønskjer vi at du er :

  • Er nytenkjande og utviklingsorientert
  • Evnar å sjå heilskap og samanhengar
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Kommuniserer godt og samarbeider effektivt med ulike aktørar
  • Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv
  • Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland
  • Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø