Nav økonomiteneste Hovedbilde

Spennande stilling som seksjonssjef hjå Nav økonomiteneste - Fagstøtte

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Nav økonomiteneste Sogndal Fulltid
Nav økonomiteneste Logo

Nav økonomiteneste

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Herdis Ulveseth
99 71 85 46

Søknadsfrist

3. august 2025 Søk på stillinga her

Er du interessert i å leie eit spennande og allsidig fagmiljø?

Nav økonomiteneste (ØT) har ei viktig rolle med å jobbe førebyggande og målretta for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten og yte viktige samfunnskritiske funksjonar for innbyggarane.

Som leiar av Fagstøtte får du jobbe saman med dyktige kollegaer som har ansvar for kommunikasjonssenteret vårt, som er 1.linje brukarstøtte for tenestene våre. Seksjonen har også ansvar for informasjons- og opplæringsmateriell for ØT sine fagområder.

I tillegg har seksjonen ansvar for ein relativt nyoppretta kompetansebase, som bidreg med sin kompetanse på tvers av heile Nav økonomiteneste. Seksjonsleiar sitt ansvar inneber tett dialog med resten av leiargruppa for å ha oversikt og prioritere ressursbruken på tvers.


Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein utviklingsorientert leiar som held brukarperspektivet høgt, samtidig likar du nye utfordringar og er løysingsdyktig. Du tenker heilskapleg, men har òg auge for detaljane og søker aktivt ny kunnskap. Du kommuniserer godt, og skapar eit inkluderande miljø i ein seksjon som samarbeider breitt på tvers i ØT og etaten elles. Her legg du til rette for trygge arenaer prega av tillit, meistring og samarbeid.

Arbeidsoppgaver

  • Sikre stabil og effektiv drift i tråd med serviceerklæring og seksjonen sine mål for øvrig
  • Sikre effektiv samhandling med dei andre seksjonane, bygge nettverk med andre deler av Nav og eksterne samarbeidspartnarar
  • Personalansvar for omkring 13 tilsette
  • Vere ein aktiv bidragsytar i leiargruppa i ØT med mål om å utvikle verksemda og økonomiområdet i NAV som heilheit
  • Seksjonsleiar rapporterer til direktør og deltek i direktøren si leiargruppe.

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå gjerne innan kommunikasjon, medievitskap, leiing, samfunnsfag eller anna relevant fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Leiarerfaring, gjerne innan kommunikasjon, kundeservice eller informasjonsarbeid.
  • Svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
  • God innsikt i strategisk og operativ kommunikasjon er ønskeleg. Kjennskap til digitale kommunikasjonskanalar og framtidsretta løysingar
  • Evne til å leie i ein kompleks offentleg kontekst er ønskeleg.

Personlige egenskaper

Vi håpar du er:

  • Utviklingsorientert med sterk gjennomføringsevne
  • God på tverrgåande samhandling, kan bygge relasjonar og setje felles mål.
  • God på tillitsbasert leiing

Vi tilbyr

  • Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver
  • Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.

Kven er vi?

Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på fem seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.

Kontaktinformasjon

Herdis Ulveseth, Direktør, 99 71 85 46, herdis.ulveseth@nav.no
Torill Skårhaug, Seksjonssjef Rekneskap og analyse, 91 52 12 63, torill.skarhaug@nav.no
Linn Tove Berdal, HR, 40 48 74 47, linn.tove.berdal@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nav økonomiteneste Kulturbilde