Juriststudent: Sommarvikarar Bilde

Jusstudent? Vi søker sommarvikarar for 2024

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Juriststudent: Sommarvikarar Lotteri- og stiftelsestilsynet Sunnfjord Sommerjobb

Om stillinga

Vil du bruke sommaren til å få nyttig, fagleg praksis? Avdelinga vår for pengespel tilbyr sommarjobb til to studentar som er godt i gang med juridisk utdanning.

Pengespel-avdelinga jobbar for å sikre ansvarlege pengespel i Norge, gjennom å føre tilsyn med både den lovlege og den ulovlege pengespelmarknaden. Det vil blant anna seie at kontrollerer spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto – og at vi jobbar med å stenge ut ulovlege spelselskap. Vi jobbar også for å hindre kampfiksing, kontrollerer bingosektoren og gir lotteriløyve.

Gjennom ein sommarjobb hos oss får du praksis og innsikt i våre spennande fagområde, samt erfaring frå offentleg forvaltning.

Vi ønsker vikarar som kan jobbe her sommaren 2024, men vi er fleksible på tidsperioden.

Dette vil du jobbe med

  • Saksbehandling

  • Rettleie brukarar

  • Andre oppgåver etter avtale

Dette ser vi etter

For å søke på jobben må du vere masterstudent innan jus, og kunne formulere deg godt munnleg og skriftleg. Som person ser vi etter deg som er nøyaktig og strukturert.

Kvifor velje oss?

I tillegg til at du får verdfull arbeidserfaring og kjekke kollegaer, kan vi freiste med at vi har lokale midt i Førde sentrum og har både kantine og treningsrom på huset. Som sommarvikar får du dessutan fleksibel arbeidstid .

Her kan du lese meir om korleis tidlegare sommarvikarar hadde det hos oss: – Veldig kjekt og lærerikt

Lotteri- og stiftelsestilsynet Kulturbilde