Sommarvert ved innbyggjartorget i Selje Bilde

Sommarvert ved innbyggjartorget i Selje

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Sommerjobb
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tonje Ramse Trædal
926 29 512

Søknadsfrist

12. april 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga


Om stillinga

Stad kommune søkjer etter sommarvert ved innbyggjartorget i Selje i perioden 26.06.2023 - 11.08.2023.

Innbyggjartorget i Selje er lokalisert i 1. etasje i kommunehuset i Selje. Her finn du bibliotek, frivilligsentral, BUA, turistinformasjon og Sunnivautstilling.
BUA Selje er Stad kommune sin utstyrsbank, der lokalbefolkning og tilreisande kan låne gratis turutstyr, syklar, kajakkar m.m. Frivilligsentralen formidlar aktivitetar og hjelp gjennom frivillige i kommunen. Sunnivautstillinga formidlar historia om Sta. Sunniva, Noregs første og einaste kvinnelege helgen, og om klosterruinane på Selja.

Innbyggartorget er ope kvardagar kl 9-16 i sommarsesongen. Jobben som sommarvert består i å betene skranke og telefon i innbyggjartorget, og yte sørvis til besøkande og kommunens eigne innbyggjarar. Ein av dei faste tilsette vil alltid vere på jobb saman med sommarverten.

Arbeidsoppgåver

  • Vere vertskap for Stad kommune og formidle informasjon til innbyggjarar og besøkjande
  • Formidle historia til Selja kloster og heilaganlegg
  • Turistinformasjon om transport, overnatting og tilbod i området
  • Sal av suvenirar og føring av statistikk
  • Utlån av bøker på biblioteket
  • Utlån av utstyr gjennom BUA
  • Ta i mot tidlegrøyster og førehåndsrøyster til kommune og fylkesval
  • Posthandtering og andre interne sørvisfunksjonar på innbyggartorget
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle

Kvalifikasjonskrav

  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk. Det er ein fordel om du meistrar fleire språk
  • God IT-kompetanse
  • Lokalkunnskapar om Selje, Stad kommune og regionen er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav

Om deg

  • Sørvisinnstilt og flink til å kommunisere
  • Sjølvstendig, nøyaktig og likar ein aktiv kvardag
  • Fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Ein triveleg sommarjobb i flotte lokalar
  • Nærleik til Noregs finaste strand
  • Løn etter tariff

Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden. I søknaden må du opplyse om når du kan arbeide. dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, ber vi om at du opplyser om dette.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med einingsleiar Tonje Ramse Trædal i lokal samfunnsutvikling.