
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Sogn og Fjordane Energi | Gloppen | Sommerjobb |

Fornybar energi er framtida - og Sogn og Fjordane Energi si kjerneverksemd.
Energibransjen er ein stor bransje, både i fylket, nasjonalt og globalt. Som eit av dei store energiselskapa på Vestlandet har SFE mange utfordrande oppgåver, og med sommarjobb hos oss vil du ta del i fagmiljøet vårt.
Våre rundt 100 tilsette i SFE Produksjon, som driv kraftverka våre, jobbar innan fagfelt som elektro, byggfag, maskin, energi, miljø, IKT, automasjon, krafthandel, økonomi, finans, HR, kommunikasjon med meir.
Arbeidsoppgåver: Arbeid med teknisk dokumentasjon av kraftverk, scanning av papirarkiv og innlegging i SFE sitt administrative system. Også andre oppgåver kan vere aktuelle avhengig av søkjar sine kvalifikasjonar.
Arbeidsstad: Sandane.
Kvalifikasjonar: Du har starta på ei teknisk utdanning og er ryddig og systematisk. Opplæring i system blir gitt.
