Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Sommarjobb i Fjord1 | Fjord1 AS | Kinn | Sommerjobb |
Ja? DÅ er det deg vi jaktar på!
Vil du arbeide saman med oss på sjøen?
Fjord1 søker no etter dyktige vikarar til eit breitt spekter av sommarjobbar og vikariat innan navigasjon, matros, maskin og catering. Vårt behov er omfattande og strekker seg geografisk langs heile norskekysten.
Kven passar det for?
Dette er ein strålande moglegheit for deg som studerer maritime fag eller arbeider som lærar innan feltet og ønskjer å byggje opp fartstid eller halde sertifikata gyldig. Kanskje er du i småbarnsfasen og vil ha meir fleksibilitet til å vere heime? Eller kanskje jobbar du allereie på sjøen og ønskjer å fylle opp fridagane med ekstra vakter? Uansett situasjon, så ønskjer vi å komme i kontakt med deg.
Arbeid når det passar deg
Som vikar er du ikkje bunden til faste stillingar eller forpliktingar, men får anledning til å ta vakter etter ditt eige skjema. Enten det er nokre vakter i nærområdet, eller lengre periodar når etterspurnaden er der, tilpassar vi oss dine behov.
Krav til søkarar
Du må ha minimum gyldig helseattest og STCW grunnleggjande/vidaregåande sikkerheitskurs for sjøfolk. Utover dette vil kompetansekrava variere i samsvar med fartøy og stilling om bord.