Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stad kommune | Stad | Fulltid |
Interkommunale helsetenester er akuttberedskapen i Nordfjord og har et vidt spekter av oppgåver og utfordringar som skal løysast. Vi er ein spennande arbeidsplass der ein kvar dag "kjenner pulsen på Nordfjord"- litt action, godt arbeidsmiljø og ein får utfordre seg sjølv. Her må ein være løysingsorientert og kunne stole på eigne vurderingar. I tillegg får ein ta del i eit arbeidsmiljø der ein arbeider tett med lege, ambulansepersonell og sjukepleiar, og det er stor takhøgde for å stille spørsmål.
Jobben som sjukepleiar ved IKHT er svært variert, og ingen vakter er like. Sjukepleiar byter på å jobbe med legevaktformidling, gje råd og rettleiing på telefon, stell og pleie til pasient ved ØHD, og pasientbehandling ved legevakta, utrykking med legevaktsbil. Stillinga har tredelt turnus, og arbeid to av sju helgar med langvakter.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune).
Interkommunale helsetenester har ledig:
*Stad kommune ynskjer å tilby 100 % sjukepleiarstilling. Då vert den resterande stillingsprosenten i ei anna eining der vi treng sjukepleiarar. Turnusen vert samordna mellom einingane for å få best mogleg tilpasning for arbeid og fritid.
Er du på søken etter ei stilling med faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personlig utvikling? Då håpar vi å høyre frå deg!
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referanser av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.