Sjukepleiar legeteneste

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sjukepleiar Høyanger kommune Høyanger Fulltid

Hovudkontoret til legane ligg i Høyanger tettstad. Det er sju legestillingar inkludert ei LIS- stilling og ei ALIS- stilling. Kontoret har hjelpepersonell som sjukepleiarar/helsefagarbeidar og laboratorium. I tillegg er det utekontor i Lavik som er ope to dagar i veka og på Søreide som er ope ein dag i veka som vert betjent med lege og hjelpepersonell frå hovudkontoret i Høyanger. Vi har moderne IKT- system og har eit godt arbeidsmiljø.

Vi har ledig 100% stilling - vikariat frå 01.04.24 og i eitt år. Arbeidstidsordning: dagtid.

Tenesta har utekontor tre dagar i veka Lavik/Sørsida der hjelpepersonell er med og den som vert tilsett må pårekne arbeid også på desse kontora.

Arbeidsoppgåver:

  • Assistere lege ved konsultasjonar
  • Oppfølging av pasientar som etter avtale med fastlege kan følgjast opp av sjukepleiar
  • Triage av pasientar til legevakt
  • Diabetessjukepleie - oppfølging av diabetespasientar
  • Laboratorium/skiftstovearbeid/prosedyrar knytt til pasientbehandling
  • Medikamenthandtering
  • Posthandsaming/arkivering og anna førefallande kontorarbeid

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiarutdanning. Relevant erfaring er ein føremon.
  • Førarkort kl B
  • God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye verktøy og være delaktig i den digitale utviklinga i samhandling med andre samarbeidspartnarar
  • søkjarar må ha god munnleg/skriftleg kunnskap i norsk

Personlege eigenskapar

  • er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
  • er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
  • trivst i ei utadretta rolle der du har mykje kontakt med pasientar
  • fleksibel og har gode samhandlingsevner
  • tek ansvar for eiga fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
  • Sjukepleiar startar på 8 års ansiennitet. Ved 16 års ansiennitet 15 000 i lokalt tillegg.
  • God pensjonsordning gjennom KLP